Skip to content Skip to footer

Bli med på Hausttreffet 16. oktober!

Har du lyst til å bli betre kjent med næringslivet i regionen og utvide nettverket ditt? Då bør du ta turen innom Hausttreffet! Her samlast folk som er nysgjerrige på kva som rører seg i byen – anten du alt er i jobb, vurderer nye moglegheiter, eller er på utkikk etter sommarjobb, lærlingplass eller din første arbeidsplass etter studia.

Her får du sjansen til å knyte kontaktar, vere i posisjon til å finne draumejobben – eller kanskje møte din neste kunde eller samarbeidspartnar.

Rekruttering er ei utfordring i regionen – og Hausttreffet skal vere med å skape løysingar: fleire skal bu, leve og jobbe her.

Visste du at mange jobbar aldri blir lyste ut, men går via nettverk? Difor er slike møteplassar viktige – både for arbeidsgjevarar og deg som er på jakt etter nye moglegheiter.

Arrangementet er ein uformell møteplass med ein morsom vri, der nettverk og aktivitetar står i fokus. Det vil bli konkurransar på stands med fine premiar – så her løner det seg å ta turen innom!

Program:

Hackaton – vi løser dagens utfordringar

Tid: 10-12
Stad: Hos Aksello i 4. etasje, på Byx Cowork

Studentar blir utfordra til å løyse ei problemstilling innan teknologi og digitalisering. Er du student og nysgjerrig? Bli med, da vel!

Kom og møt bedriftene – stands og konkurransar

Tid: 12–14
Stad: Comfort Hotel Victoria Florø

Store og spennande bedrifter i byen står klare med eigne stands. Her kan du bli betre kjend med næringslivet, delta i konkurransar og vinne fine premiar. Målgruppa er brei – både jobbsøkarar, studentar og alle som er nysgjerrige på kva som rører seg i regionen vil ha glede av å vere med. Også Flora U40 står på stand og lodder ut 10 billettar til kveldsarrangementet – Standup på Haavebua!

Standup på Haavebua

Tid: Dørene opnar 18
Stad: Haavebua

I samarbeid med Flora U40 rundar vi av dagen med standup på Haavebua – perfekt for alle som vil ha eit lite avbrekk frå kvardagen!
Trykk her for billettar og meir informasjon

Hausttreffet er for alle – anten du vil sjå kva som rører seg i næringslivet, skape nye nettverk, eller berre delta på ei triveleg samling.

Velkomen til Hausttreffet 16. oktober – vi gler oss til å sjå deg!

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet