Innlegg

Førre veke deltok Aksello og tre av våre inkubatorbedrifter på DEMO DAY i Bergen for å byggje relasjonar på tvers av fylkesgrensene og møte potensielle investorar og samarbeidspartnarar. Over 50 selskap fekk pitche sine idéar for investorar i regionen, og tre av dei var inkubatorbedriftene våre Dimeq, Evoy og FjordAlg.

– Det var eit veldig høgt nivå på bedriftene som deltok, og inkubatorbedriftene våre leverte. Dei har alle tre komme veldig langt i utviklinga av sine prosjekt, og då betyr det så klart mykje for dei å få moglegheita til å delta på ein slik arena der hensikta er å kople gründerar saman med investorar, fortel dagleg leiar Lone Bareksten, som representerte Aksello under arrangementet.

 

DEMO DAY | Aksello
EVOY

ENERGY

Kvar bedrift hadde fem minuttar kvar til å presentere seg og dagen var delt opp i fire ulike sessions. Evoy var første ute i elden av våre i bolken Energy, og gründer Leif Stavøstrand viste korleis dei planlegg å eliminere utslepp frå båtar på verdsbasis med elektrisk framdrift.

– Det var ei ære å bli plukka ut til å vere med på dette blant så mange andre dyktige selskap frå heile Norge. Det var veldig kjekt, og vi møtte mange som det skal bli interessant å snakke vidare med, seier Stavøstrand.

Les også: – Blant 500 startups frå heile verda var det 11 som skilte seg ut. Ein av dei var Aksello si inkubatorbedrift Evoy

 

DEMO DAY | Aksello
DIMEQ

OCEAN

Dimeq og FjordAlg deltok i kategorien OCEAN. Dimeq presenterte sitt digitale armband som kan redde liv på sjøen, og FjordAlg sin produksjon av mikroalgar i lukka system på land.

Etter presentasjonane var det gjort klart eit mingleområde der dei ulike selskapa stod på stand og kunne komme i kontakt med potensielle interessentar.

– Arrangementet var veldig bra og mange interessante bedrifter pitcha i løpet av dagen. For vår egen del så synes eg at presentasjonen av Dimeq gjekk fint, men då vi stod på stand var det vanskeleg å identifisere kven investorane var. Vi kom dessverre ikkje i kontakt med investorar under minglinga, men vi får berre håpe at nokon av dei tek kontakt med oss på eit seinare tidspunkt, seier ein optimistisk Audun Bakken frå Dimeq.

Gabriel Ossenkamp frå FjordAlg seier seg einig i Dimeq sitt resonnement:

– Med over 50 bedrifter som deltok vert det nok mykje å ta inn for dei som sat i salen, men sjølv om vi reiser heim utan ei konkret avtale, så er det i alle fall fleire som veit om oss. Så håpar vi så klart at vi høyrer frå nokon som var der. Uansett så kjem vi til å jobbe vidare med å perfeksjonere pitchen til neste sjanse byr seg. For ein kan alltids bli betre, og øving gjer meister som dei seier, smiler han.

 

 

Les også: – Verda venter

 

FRAMTIDIGE VESTLAND

DEMO DAY var arrangert for andre gong, og det var første gong Aksello deltok med bedrifter frå vår inkubator. Arrangementet var i regi av VIS (Tidlegare Bergen Teknologioverføring) i samarbeid med fleire sentrale partnarar innan nyskaping i Norge, mellom anna SIVA, Innovasjon Norge, Connect Norge, og regionale næringslivsselskap som Aksello og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

– Vi er avhengig av å styrkje miljøet vårt på tvers av fylkesgrensene og spele saman med dei gode kreftene som finst i Hordaland. Dei har bygd opp eit solid miljø og nettverk av businessangels og investorar som vi kan lære mykje av i Sogn og Fjordane. Så det er utruleg viktig at vi får til gode samarbeid med dei, og spesielt med tanke på framtidige Vestland, konkluderer Bareksten.

 

 

DEMO DAY

Hensikta med DEMO DAY er at lovande selskap som er på jakt etter nye samarbeidspartnarar eller investorar får vist seg fram på ein 5-minuttars presentasjon. VIS (tidlegare Bergen Teknologioverføring) har over 100 selskap i porteføljen sin, og i 2017 bestemte dei seg for å lage eit ordentleg konsept for ein slik dag. Det vart ein stor suksess. Som i fjor, samarbeider dei med fleire aktørar som til dagleg jobbar opp mot ulike innovasjons og investeringsmiljø:

DNB, Innovasjon Norge, Connect Norge, Sparebanken Vest, VIS, NCE Media, NCE Seafood, NCE Finance Innovation, GCE Ocean Technology, NCE Maritime CleanTech, X, Innoventus Sør, Startup Lab, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Inven2, SINTEF, Atheno, Industriutvikling Vest, Bergen Works, Accel og Aksello.

Meir info om DEMO DAY

Det går fort framover for inkubatorbedrifta Evoy og gründerane Leif og Gunnar Stavøstrand som har vore tilknytta Aksello sitt inkubatorprogram sidan mars 2018. Evoy er ein av 11 utvalde blant over 500 startups frå heile verda som skal vere med i Katapult Ocean Program. I tillegg, har også avgjerande investeringar begynt å rulle inn.

­– Å få delta i Katapult Ocean Program er kjempeviktig for oss i den fasen som vi er i no og vi har lagt inn utruleg mykje arbeid i søknadsprosessen fordi vi innsåg kor unik denne moglegheita var for oss, smiler Stavøstrand.

Gjennom Katapult Ocean Program vil Evoy få tett oppfølging i bedriftsutvikling, og den veksten ei bedrift vanlegvis oppnår på eitt til to år skal skje i løpet av tre intense månadar. Katapult Ocean går også inn som medeigar i selskapet med ei investering på 1,7 millionar.

– Dette er avgjerande for oss om vi skal vekse og nå dei måla som vi har satt oss, fortel Stavøstrand.

 

Tre nye arbeidsplassar

Visjonen til Evoy er å eliminere utslepp frå båt verda rundt, og for å nå dette målet får dei no også støtte frå ni lokale investorar som til saman går inn med to millionar kroner.

– Dette kombinert med støtta frå Ocean Katapult Program er grunnen til at vi no kan rekruttere og få fleire dyktige folk ombord.

Evoy lyste nyleg ut tre stillingar og er på jakt etter CMO CMO – Marknads- og salsleiar, CTO – Teknisk leiar/ Elektroingeniør og Trainee elektroingeniør.

Vekstkurva til det unge selskapet er på god veg oppover, og det under eitt år etter at Stavøstrand slutta i jobben sin som administrerande direktør i Saga Fjordbase for å satse på draumen om ein stillegåande og miljøvennleg elektrisk båt.

 

Noko må ein ofre

– Draumen hadde eg hatt ei stund, men det var umogeleg for meg å jobbe med den parallelt med jobben på basen. Eg har aldri vore kjent for å jobbe lite i mitt liv, men eg har aldri jobba så mykje som eg har dei siste 10 månadane, innrømmer han.

Sjølv om tida framover no vert endå travlare, med pendling mellom Katapult Ocean Program i Oslo og bygging av protoype i Trondheim, så trivst han i den hektiske gründertilværa.

– Noko må ein jo ofre, men det er utruleg kjekt å jobbe med noko som eg brenn for og som eg ser også engasjerer andre, seier han og gir
eit døme:

­– Eg hadde nettopp ein veldig god samtale med ein potensiell kunde som var heilt euforisk på telefonen og kom med utruleg positive tilbakemeldingar. Det er skikkeleg herleg å få slike tilbakemeldingar og vite at du har ei løysing og eit produkt som dei vil ha. Så eg ser verkeleg fram til å jobbe vidare med dette.

Vi i Aksello ser også fram til å følgje Evoy vidare og fortelje meir om framgangen dei gjer.

Følg med på Facebook og i nyheitsbrevet vårt.

 

Inkubatorbedrift hos Aksello

Evoy har vore med i Aksello sitt inkubatorprogram sidan mars 2018. Gjennom inkubatoren får bedrifta tilgang på kontorplass, eigen dedikert rådgjevar og eit innovativt gründarmiljø. Tilbodet er subsidiert via SIVA, og som gründer betalar ein kun ein eigenandel på 25 % for å delta i programmet.

– Noko av det viktigaste for oss har vore å få hjelp til å angripe idéen vår for å utvikle den til å bli ei bedrift. Dette er det vanskeleg å lese seg fram til. Det å ha nokon å snakke med og som kan gi oss råd har ein stor verdi. Aksello har også eit veldig godt nettverk som har gitt oss mange gode kontaktar. Ein må ikkje undervurdere kor viktig nettverk er, fortel Stavøstrand.

Ynskjer du å vite meir om Aksello sitt inkubatorprogram?

Kontakt oss