Innlegg

Det går fort framover for inkubatorbedrifta Evoy og gründerane Leif og Gunnar Stavøstrand som har vore tilknytta Aksello sitt inkubatorprogram sidan mars 2018. Evoy er ein av 11 utvalde blant over 500 startups frå heile verda som skal vere med i Katapult Ocean Program. I tillegg, har også avgjerande investeringar begynt å rulle inn.

­– Å få delta i Katapult Ocean Program er kjempeviktig for oss i den fasen som vi er i no og vi har lagt inn utruleg mykje arbeid i søknadsprosessen fordi vi innsåg kor unik denne moglegheita var for oss, smiler Stavøstrand.

Gjennom Katapult Ocean Program vil Evoy få tett oppfølging i bedriftsutvikling, og den veksten ei bedrift vanlegvis oppnår på eitt til to år skal skje i løpet av tre intense månadar. Katapult Ocean går også inn som medeigar i selskapet med ei investering på 1,7 millionar.

– Dette er avgjerande for oss om vi skal vekse og nå dei måla som vi har satt oss, fortel Stavøstrand.

 

Tre nye arbeidsplassar

Visjonen til Evoy er å eliminere utslepp frå båt verda rundt, og for å nå dette målet får dei no også støtte frå ni lokale investorar som til saman går inn med to millionar kroner.

– Dette kombinert med støtta frå Ocean Katapult Program er grunnen til at vi no kan rekruttere og få fleire dyktige folk ombord.

Evoy lyste nyleg ut tre stillingar og er på jakt etter CMO CMO – Marknads- og salsleiar, CTO – Teknisk leiar/ Elektroingeniør og Trainee elektroingeniør.

Vekstkurva til det unge selskapet er på god veg oppover, og det under eitt år etter at Stavøstrand slutta i jobben sin som administrerande direktør i Saga Fjordbase for å satse på draumen om ein stillegåande og miljøvennleg elektrisk båt.

 

Noko må ein ofre

– Draumen hadde eg hatt ei stund, men det var umogeleg for meg å jobbe med den parallelt med jobben på basen. Eg har aldri vore kjent for å jobbe lite i mitt liv, men eg har aldri jobba så mykje som eg har dei siste 10 månadane, innrømmer han.

Sjølv om tida framover no vert endå travlare, med pendling mellom Katapult Ocean Program i Oslo og bygging av protoype i Trondheim, så trivst han i den hektiske gründertilværa.

– Noko må ein jo ofre, men det er utruleg kjekt å jobbe med noko som eg brenn for og som eg ser også engasjerer andre, seier han og gir
eit døme:

­– Eg hadde nettopp ein veldig god samtale med ein potensiell kunde som var heilt euforisk på telefonen og kom med utruleg positive tilbakemeldingar. Det er skikkeleg herleg å få slike tilbakemeldingar og vite at du har ei løysing og eit produkt som dei vil ha. Så eg ser verkeleg fram til å jobbe vidare med dette.

Vi i Aksello ser også fram til å følgje Evoy vidare og fortelje meir om framgangen dei gjer.

Følg med på Facebook og i nyheitsbrevet vårt.

 

Inkubatorbedrift hos Aksello

Evoy har vore med i Aksello sitt inkubatorprogram sidan mars 2018. Gjennom inkubatoren får bedrifta tilgang på kontorplass, eigen dedikert rådgjevar og eit innovativt gründarmiljø. Tilbodet er subsidiert via SIVA, og som gründer betalar ein kun ein eigenandel på 25 % for å delta i programmet.

– Noko av det viktigaste for oss har vore å få hjelp til å angripe idéen vår for å utvikle den til å bli ei bedrift. Dette er det vanskeleg å lese seg fram til. Det å ha nokon å snakke med og som kan gi oss råd har ein stor verdi. Aksello har også eit veldig godt nettverk som har gitt oss mange gode kontaktar. Ein må ikkje undervurdere kor viktig nettverk er, fortel Stavøstrand.

Ynskjer du å vite meir om Aksello sitt inkubatorprogram?

Kontakt oss

Team Senseye: F.v Knut Eikeland, John Inge Langedal, Per Christian Engdal og Sten Ingve Hellevang.

Senseye AS har blitt tatt opp i inkubatoren til Aksello og har fleire interessante prosjekt på gang innan satsingsområde vårt smarte samfunn. Bedrifta har mellom anna signert ein utviklingsavtale med Fjord1 for å utvikle konseptet EasyCrossing.

– Det finst ingen løysingar på marknaden for dei utfordringane SensEye skal løyse saman med Fjord1, så det vert utruleg spennande å utvikle dette prosjektet. Løysinga består av fleire element som har internasjonalt potensiale, understrekar med-grunnleggjar Sten Ingve Hellevang.

Graden av digitalisering forbundet med lasting og lossing på bilferjer i dag vurderast som svært lav. Samtidig har det de siste årene blitt utvikla og tilgjengeleggjort sensorteknologi, som opnar for nye moglegheiter. Senseye skal jobbe saman med Fjord1 sin organisasjon for å utvikle og teste nye konsept innan desse områda.

Skipa hos Aksello

I tillegg til Hellevang består teamet til Senseye av John Inge Langedal, Knut Eikeland, og Per Christian Engdal som alle er med-grunnleggjarar i selskapet. Dei har alle solid kompetanse og lang erfaring innanfor områda automasjon, systemutvikling og leiing. Alle fire er også operativt aktive i selskapet og vil representerer Senseye sitt kjerneteam i utviklingsprosjektet gjennom 2018 og 2019.

– Fleire av oss har jobba saman før, men det var faktisk gjennom Aksello sine møteplassar og prosjekt at vi begynte å diskutere å starte ei bedrift i lag. Både Per Christian og Knut har jobba med fleire prosjekt i Aksello og har sett kor viktig deltaking i Inkubator er for å utvikle både idé og selskap. Her har vi eit fellesskap med andre i same situasjon som vi kan lære av og dele vår kompetanse med, og Aksello representerer eit stort nettverk innan kompetansefeltet vårt som vil vere viktig for Senseye framover, seier Hellevang.

Den nyetablerte bedrifta har så langt mottatt finansielle støtte frå Innovasjon Norge, Kommunalt Næringsfond – Flora kommune og Sparebanken Vest sitt næringsfond.

Tøffe greier

– Senseye er enno i ein tidleg fase og er svært heldige som får jobbe med Fjord1 sin organisasjon om innovasjon og nyskaping. Det blir knallhard jobbing for å møte Fjord1 sine forventningar og det har prioritet nummer 1. I tillegg jobbar vi med ein forretningsmodell for neste fase, fortel Hellevang.

Selskapet jobbar også med andre nyskapande konsept og lovar at vi vil høyre meir frå dei seinare.

Alle som har starta selskap for å utvikle nye produkt veit at det er tøffe greier. Det er ingen lett sak å spå kven eller kva produkt som vert ein suksess,  men vert det ein suksess så verte Senseye eit nytt og spennande selskap i Sogn og Fjordane, og det håpar vi sjølvsagt.

Foto: David Bowen, Black Star Journal

I 2017 fekk Aksello inn 25 søknadar om midlar frå Kommunalt Næringsfond. 19 av desse fekk løyva midlar til prosjekta sine, og ein av dei heldige var Vesle Kinn.

Vesle Kinn er ein ølkafé som vart opna i 2017 og er eit samarbeid mellom Kinn Bryggeri og Lille Marked. På kort tid har den blitt eit trekkplaster i Strandgata i Florø, og på Facebook vert Vesle Kinn rata med 5 stjerner basert på 115 omtaler.  Allereie etter litt over 1 år i drift har Vesle Kinn skapt 1,5-2 årsverk fordelt på 8 tilsette.

Lokalet som Vesle Kinn held til i er det same som Kinn Bryggeri starta sitt eventyr i i 2009. Etter kvart som salsvolumet auka, måtte dei flytte inn i eit større lokale. Det gamle lokalet vart nytta til eksperimentering av nye ølsortar og det vart fundert på kva ein kunne gjere for å nytte heile potensiale til lokalet. Etter ein samtale mellom Espen Lothe frå Kinn Bryggeri og Eirik Villand frå Lille Marked, kom dei fram til at dei ville starte ein bar med fokus på Kinn øl.

I følgje dagleg leiar Eirik Villand var målet med Vesle Kinn å fokusere på kvalitet, eit lokale som skil seg ut frå andre uteplassar i Florø ved å ha eit urbant preg på interiøret og ved å arrangere ulike temakvelder som er attraktive for målgruppa på 25 år og oppover.

– Vi hadde eit ynskje om å tiltrekkje oss eit anna publikum enn dei andre uteplassane i Florø. Dei som tidlegare kanskje ikkje har funne sin plass ute på byen, fortel Villand.

Foto: Tarjei Langeland

Vesle Kinn har mottatt 150.000 kr frå Kommunalt Næringsfond på det grunnlag at dei hadde eit nytt konsept som ikkje eksisterte i Florø frå før. Dei hadde ikkje eit ynskje om å konkurrere med dei eksisterande tilboda, men heller komplettere desse, og i samarbeid vere med på å skape eit levande Florø sentrum. Det at Vesle Kinn har valt å stengje kl. 24.00 fredag og laurdag, kan auke pågangen til dei andre uteplassane i Florø etter stengetid, spesielt Hjørnevikbua som ligg rett over gata og held open til kl. 02.00. Arrangement som «bli kjend-kveld på Vesle Kinn» kan bidra til at det blir meir attraktivt for tilflyttarar, heimflyttarar, men og innbyggjarar.

Foto: Jannicke Skorpeide

Det at viktige aktørar som Kinn Bryggeri og Lille Marknad inngjekk eit samarbeid for å skape eit konsept som ikkje eksisterte i Florø frå før, talte positivt for ein stønad til Kommunalt Næringsfond. Mykje kan skapast av å samarbeide med andre aktørar for å gi eit best mogleg tilbod som aukar trivselen og attraktiviteten i kommunen, utan å konkurrere ut eksisterande tilbod.

Stønaden frå Kommunalt Næringsfond var avgjerande for oss fordi det gjorde det lettare å skaffe nok finansiering frå banken til å starte, utan at vi sjølve måtte ta opp alt i lån og ta pant i privat eigedom, seier Villand.

Etter sitt første driftsår kan Vesle Kinn vise til eit lite overskot. Det er fortsatt positive utsikter for bedrifta og det blir stadig vekk diskutert nye ting som kan leggast til konseptet Vesle Kinn. Vi er spente på kva framtida bringer og ynskjer dei lykke til vidare.

Ynskjer du å søkje Kommunalt Næringsfond?

Det er fortsatt midlar igjen frå Kommunalt Næringsfond og du kan søke gjennom  www.regionalforvaltning.no.

Ta kontakt med rådgjevar Trine Vederhus, på trine@aksello.no om du har spørsmål og ynskjer meir informasjon.