Skip to content Skip to footer

Vil hente turistar frå Chile til Vestlandet

Chilenske Pia Anazco i Florø har starta reiselivsfirmaet Nordic Mate. Ho siktar seg inn på turistgrupper frå Chile, som ho vil ta med på guida turar på Vestlandet. Seinare ser ho for seg å ta mot turistar frå andre latinamerikanske land også, og å ta med nordmenn til Chile. Nordic Mate er ei inkubatorbedrift hos Aksello.
Små grupper og god tid

Planen til Nordic Mate er å arrangere turar med guide for mindre grupper på 15 til 20 personar. Turane vil vere på minimum ti dagar, og målgruppa er folk over 30 år. Bergen skal vere innfallsport for turistane frå Chile, og dei vil få to dagar der i byen. I tillegg til Bergen har Nordic Mate knytt til seg samarbeidspartnarar fire stader langs kysten i Sunnfjord og Nordfjord; i Florø, Kalvåg/Bremanger, Måløy og Stad. Dit skal turistane reise med ekspressbåtane som går i rute på kysten.

– Meininga er at turistane skal ha rimeleg god tid på kvar av desse destinasjonane. Dei vil kunne vandre rundt på eiga hand og bli kjende med lokale folk der. Vi ønsker å få turistar hit heile året, fortel Pia Anazco.

Pia Anazco frå Chile vil satse på å guide turistar frå Latinamerika på vestlandskysten. Foto: Magnus Helge Torvanger.

Å reise med fly mellom Chile og Noreg tek rundt 24 timar med mellomlandingar. Det er om lag like lang tid som det tek å fly mellom Australia og Noreg. Chile er eit langt og svært variert land, med ørken heilt i nord, vindistrikt midt i landet, skogar lengre sør og fjordar og isbrear lengst sør. I tillegg har landet 150 vulkanar. Også den kjende Påskeøya høyrer til Chile.

Cruiseskipguide i Måløy

Pia Anazco kjem frå ein familie som har arbeidd med reiseliv i Chile. Ho har sjølv reiselivsutdanning frå høgskule i heimlandet, der ho arbeidde i fem år som guide for turistar frå cruiseskip, på bussar og på byturar. Så vart ho kjend med Halstein Tonheim frå Eikefjord, som jobba som programutviklar i Mercatus i Florø og var i Chile ei tid i 2007. Året etter kom også ho til Florø, der ho seinare har arbeidd i barnehage. Halstein Tonheim jobbar i dag i ScaleAQ AquaCulture i Florø, eit selskap som bygger på det tidlegare Mercatus.

Sommaren 2023 arbeidde Pia Anazco i Måløy Adventure som guide for passasjerar frå cruiseskip. Det var første sesongen Måløy hadde cruiseskip i hamn. Pia Anazco var mellom anna guide på bussar som køyrde passasjerar til Briksdalen. Det var veldig kjekt og spennande, fortel ho. Turistane var interesserte i å høyre korleis nordmenn lever her i landet om vinteren. Dei trudde ikkje på det ho fortalde dei. Turistane ville ikkje ha budd i Noreg vinterstid, men dei ville gjerne komme hit på ferie.

Også kommande sommarsesong skal Pia Anazco vere guide for Måløy Adventure og i Briksdalen. Ho snakkar både spansk, portugisisk, engelsk og norsk, og ho held på å lære seg tysk. Elles saknar ho skilting for turistar på andre språk enn engelsk og tysk.

Ny måte å jobbe på

Pia Anazco etablerte firmaet Nordic Mate Anazco i 2022 som eit enkeltpersonføretak. Med det første skal firmaet omdannast til aksjeselskapet Nordic Mate, der Halstein Tonheim kjem inn som medeigar.

– Aksello har vore veldig viktig for oss. Eg visste ingenting om forretningsdrift og forretningsplanar. Aksello forklarte kva vi skal og må gjere for at alt skal fungere, og dei hjelpte oss med å sette oss mål. Rådgivaren vår Trond Økland er til veldig god hjelp, fortel Pia Anazco.

Firmanamnet Nordic Mate har ein spesiell bakgrunn. Mate er ein søramerikansk teplante, men det er også namnet på ein spesiell tekopp som ein kan dele med vener. Den er i bruk både i Chile og i Argentina. I sommar møtte Pia Anazco ein guidekollega frå Argentina i Måløy, til stor glede for dei begge, og då delte dei med ein gang ein mate.

Pia Anazco i Måløy, med mate-koppen som har gitt namn til firmaet hennar. Foto: Pia Anazco.

Tekst: Magnus Helge Torvanger.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet