Skip to content Skip to footer

Velkommen til Frukostsamling 4. april

Aksello invitera til frukostsamling torsdag 4. april med interessant program. På Frukostsamlinga denne gongen får vi påfyll av kompetanseheving for næringslivet lokalt, og tilgang på kunnskap og ressursar for framtida.

Her kjem Studiekoordinator Frode Nybø som skal mellom anna snakke om NHH sitt master tilbod i Florø. Reidar Brandsberg kjem og presentere moglegheitene som Folkeuniversitetets Fagskole har å tilby. Tillegg kjem NAV som skal snakke om kva verksemder kan gjere når innbytarbenken er tom. Til slutt blir vi introdusert til Teleskopisk Festeskinne som er ei spennande ny verksemd i inkubatorprogrammet til Aksello.

Samlinga vert som vanleg i våre lokaler i Peak Florø. Frukostmøtet er ope for alle og gratis. Vi startar med frukost kl. 07.30 (for dei som ønsker det), og så vert det interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00.

Merk: Frukostsamlinga blir ikkje streamet. 

Her ser du agendaen:

  • Velkommen v/Aksello
  • Løypemelding Studiesenter kysten – NHH med mastertilbod v/ Frode Nybø Studiekoordinator UtdanningsHub Florø
  • Folkeuniversitetets Fagskole – samarbeid gjer fleire lokale utdanningstilbod.  v/ Reidar Brandsberg – Folkeuniversitetets Fagskole
  • Når innbytterbenken er tom». v/ Arne varden og Yngve Årdal – NAV
  • Presentasjon frå nye inkubatorverksemd –  Teleskopisk Festeskinne 
  • Ordet fritt

Vi gleda oss til å sjå deg der, for læring, mingling og nettverksbygging. Det er fint om du melder deg på så vi veit kor mange som vil ha frukost (sjå nedanfor)

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Meld deg på HER

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet