Skip to content Skip to footer

I mål med Grøn Vekst

Aksello har i vinter gjennomført eit nytt Grøn Vekst-program. Programmet har fokus på omstilling til det grøne skiftet, og seks bedrifter var med denne gangen. Det kom i stand i samarbeid med Flora Industri- og Næringsforening og Vestland Fylkeskommune.

Berekraftig vekst og utvikling

Aksello starta Grøn Vekst-programmet i november i fjor og var ferdig i februar i år. Trond Økland har vore innleigd som programansvarleg. Medlemsbedriftene i Flora Industri- og Næringsforening var særleg inviterte til å vere med.

Målet med Grøn Vekst-programmet er å legge til rette for forretningsmessig og berekraftig vekst for etablerte bedrifter, med knoppskyting og nye forretningsområde. Etter gjennomføring av Grøn Vekst programmet kan verksemda få høve å jobbe vidare med sin idé i inkubatoren til Aksello. Samhandling mellom bedriftene er eit av måla i grøn vekst. 

Programmet har sju steg som ein har jobba systematisk med. Kva ressursar og behov bedriftene har, og kvar marknadane deira er eller kan bli, er mellom stega. Dette skal føre fram til forretningsmodellar og konkrete handlingsplanar. Deltakarane er folk frå leiargruppa i bedriftene. I løpet av vinteren har dei vore med på seks samlingar, både hos enkeltbedrifter og fellessamlingar. Dei har også sett på FN sine berekraftmål og kva bedriftene kan gjere på sine område med enkelte av desse måla.

Dei seks bedriftene som har vore med denne gangen er entreprenørselskapet Ramsdal Maskin AS, ingeniørselskapa iVest Consult AS og Walcon Maritime AS , Vestfjord Bygg AS , Salt Arkitekter AS og arbeids- og inkluderingsbedrifta Origod . No skal bedriftene arbeide vidare internt med planar og idéar som har komme fram i løpet av programmet. Dataverktøyet Entreprenerdy som er brukt i programmet har dei fått med seg.

Ny måte å jobbe på

– Dette programmet har vore ein ny måte å jobbe på. Berekraft og miljø er litt komplisert, men her har vi fått sett det meir i system. Særleg er det kjekt at så ulike bedrifter har vore med. Vi kan samarbeide sjølv om vi ikkje held på med det same. Programmet handlar også om samarbeid og fellesskap, seier Isabella Flister, som har vore deltakar frå Ramsdal Maskin AS. Der er ho landmålar og HMS-ansvarleg og jobbar også med kvalitetssystem.

Entreprenørselskapet Ramsdal Maskin har 20 tilsette i dag. For tida har dei to jenter som utplasserte elevar. Selskapet jobbar mykje med store vatn- og avløpsprosjekt, både for private aktørar og for Kinn kommune.

Gjennom Grøn Vekst-programmet har Ramsdal Maskin fått tenkt på ein litt annan måte enn før. Terskelen er framleis litt høg for å byte ut maskinparken med nye og langt dyrare elektriske maskiner. Men dei har som mål å byte ut ein dieselbil med ein elektrisk bil kvart år. Dei kan også ha fokus på gjenbruk av massar og kortare transport til massedeponi. Selskapet har bruk for ein ny stad å vere i Florø, der dei kan samle alle bilane og maskinene sine. Dei brukar appar til å registrere tomgangskøyring på bilar og maskiner, og det har blitt litt konkurranse mellom dei tilsette om å redusere dette. Miljø blir berre meir og meir i fokus, og det er viktig å vere miljøsertifisert. Ramsdal Maskin er ISO-sertifisert og held på å resertifisere seg, fortel Isabella Flister

Trond Økland har vore programansvarleg også for det siste Grøn Vekst-programmet. Isabella Flister frå Ramsdal Maskin AS var ein av deltakarane. Foto: Magnus Helge Torvanger.

Ramsdal Maskin har også komme opp med ein ny forretningsidé som dei håpar kan komme inn i inkubatoren til Aksello med tida.

Aksello har planar om å få i gang endå ein programomgang med Grøn Vekst rett over sommaren. Så ta kontakt om du lurar på om Grøn Vekst er noko for din verksemd .

Tekst: Magnus Helge Torvanger.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet