Skip to content Skip to footer

Velkommen til Frukostsamling 7. mars

Aksello invitera til frukostsamling torsdag 7. mars med interessant program – Her kjem Advokatfirma Tollefsen som skal gi oss ein liten smakebit om forretning- og eigedomsjus. Så skal vi få høyre frå Innovasjon Norge om Innovasjon Norges EU rådgivar- om enkeltbedrifter og konsortiet kven er i målgruppa og kva kan man oppnå? Tillegg kjem Kinn kommune som skal snakke om de nye miljøkrava ved offentleg anskaffing. Til slutt blir vi introdusert for fleire nye verksemder i inkubatorprogrammet til Aksello.

Samlinga vert som vanleg i våre lokaler i Peak Florø. Frukostmøtet er ope for alle og gratis. Vi startar med frukost kl. 07.30 (for dei som ønsker det), og så vert det interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00.

Merk: Frukostsamlinga blir ikkje streamet. 

Her ser du agendaen:

  • Velkommen v/Aksello
  • Advokatfirma Tollefsen om forretning- og eigedomsjus. – v/Kristine Celius og Arvid Mellingen – Advokatfirma Tollefsen AS
  • EU mindset- Kva skal til for å komme seg i posisjon for EU midler v/- Trine Smukkestad Lavik- Innovasjon Norge
  • Nye miljøkrav ved offentleg anskaffing- v / Marie Arnstad  og Einar Stavang Haugerud – Kinn kommune
  • Presentasjon av fleire nye inkubatorverksemder.
  • Ordet fritt

Representantar frå Innovasjon Norge og/eller Forskningsrådet vil også være tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte med ein av dei, så send ein e-post til andrea@aksello.no

Vi gleda oss til å sjå deg der, for læring, mingling og nettverksbygging. Det er fint om du melder deg på så vi veit kor mange som vil ha frukost (sjå nedanfor)

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Meld deg på HER

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet