Skip to content Skip to footer

Velkommen til Frukostmøte 3. mars!

Aksello Frukostsamling torsdag 3. mars – Nye ansikt i Cargill/EWOS, nye verktøy i Innovasjon Norge, FoU-moglegheiter med Forskingsrådet, og spanande prosjekt frå Enerin. 

Då har Aksello gleda av å invitere til frukostsamling torsdag den 3. mars. Samlinga vert som vanleg i våre lokale i Peak Florø. Vi startar med frukost kl. 07.30, og så vert det interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00.

Vi har denne gongen følgande program:

· Nye ansikt i Cargill/EWOS v/Aina Karlsen m/fleire

· Forskning som verktøy for innovasjon i næringslivet – ordninger for økonomisk støtte v/Merete Lunde, Forskingsrådet

· Korleis vi har nytta moglegheitene for forskings-støtte: Enerin AS v/Trond Atle Asphjell

· Nye verktøy i Innovasjon Norge v/Kristine Kopperud Timberlid

· Nytt frå Aksello v/Lone Bareksten

· Ordet Fritt

Kristine Kopperud Timberlid frå Innovasjon Norge vil også være tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte med ho, så send ei melding til lone@aksello.no

Breaking news: Forskingsrådet er ein viktig støttespelar for næringslivet. Dei kjem til å delta i Aksello sine frukostsamlingar framover, og bli værande utover dagen for møter med bedrifter. Det er vi veldig glad for, og vi håpar at bedriftene nyttår høvet til ein prat med dei. Ønsker du eit møte denne dagen, så send ein e-post til lone@aksello.no.

Vi skal også sørge for god streaming av frukostmøtet, så du er velkommen til å delta på den måten. Uansett er det fint om du melder deg på (sjå nedanfor), og marker gjerne at du deltek via streaming.

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Meld deg på HER!

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet