Skip to content Skip to footer

Siste frukostsamlinga før sommaren

[vc_row][vc_column][vc_column_text]Torsdag 6. juni var næringslivet nok ein gong samla til Frukostmøte i lokala til Aksello, for siste gong før sommaren sig utover kystbyen.

Arne Olsen opna samlinga, og dagleg leiar i Aksello, Lone Bareksten, gav eit opningsinnlegg for samlinga ved å presentere VEKST-programmet som startar opp att i år. Om du er eller representerer ei bedrift som har potensiale til å vokse eller utvikle seg, les meir her eller ta kontakt med oss for meir informasjon.

Sturle Sunde og Bitmynt er Aksello sitt nyaste selskap i pre-inkubasjon. Han kunne fortelle om selskapet sine planar om arbeid med kryptovaluta. Tilset snart sin første medarbeidar, og jobbar med utvikling av bruksområder for kryptovaluta. Mykje å spare for butikkar osb.

Slakteriet v/ Kristin Bergstøl Hansen holdt eit engasjerande innlegg om bedrifta, historikken og om vegen vidare. Med sine 110 tilsette er Slakteriet ein av pillarane i havbruksnæringa i regionen vår.

NOREC og Aksello startar samarbeid om internasjonal utveksling av personell – eit spennande prosjekt med stort potensiale. NOREC var representert med Tormod Nuland. Vi kjem attende med meir konkret info og tilbod til bedriftene etter sommaren.

PEAK Florø vart presentert av initiativtakar Allan Madsen, som fortalde om bakgrunn, konsept og framtidsplanar for det nye næringsmiljøet i gamle sparebankbygget.

Samlinga vart avslutta med ei fantastisk nyheit – Sparebanken Sogn og Fjordane løyvar gåvemidlar pålydande kr 500 000,- til Aksello, for å jobbe vidare med frukostmøte og inkubator, og for at vi skal fortsette å vere eit samlingspunkt for næringslivet. Tusen takk til banken og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane![/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_gallery type=”image_grid” images=”6969,6966,6967,6968,6970,6971,6972,6973,6974,6975,6976″ img_size=”200×160″][/vc_column][/vc_row]

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet