Skip to content Skip to footer

Dimeq – Nok ein vellukka exit frå Aksello sin inkubator!

Aksello kan med glede og ikkje så reint lite stoltheit melde at Dimeq AS har lukkast med å hente inn frisk kapital og nye industrielle partnarar til si vidare satsing.

Dimeq AS har sitt utgangspunkt på Novelandet i Bremanger der far og son, Audun og Ronny Bakke, med sin årelange erfaring på dei sju hav, satsa på å utvikle eit teknologisk nyvinnande tryggleiks-system. Systemet har potensiale til å redde liv og redusere risiko innan mange ulike bransjar i den maritime sektoren over heile verda!

I desember 2016 blei Dimeq ein del av Aksello sin inkubator, og bedriftsutviklinga skaut fart. Etter 2 ½ år i Aksello-systemet går bedrifta frå 1. juli over i ei ny spennande fase der dei blir knytt opp mot Kongsberg Innovasjon. I Kongsberg-miljøet finst det mange moglegheiter og spennande selskap å samarbeide med innan den maritime sektoren. 

I tilknyting til denne viktige milepælen har dei allereie henta inn frisk kapital og arbeider også vidare med Bergen-baserte Connect Vest for å vurdere ytterlegare investorar.  

Personleg finn eg ikkje ord til å takke for hjelpa og mottakinga vi har fått frå Aksello.  Å ha dei med på laget er blant dei beste strategiske avgjerda vi har tatt i selskapet, seier Audun Bakke. 

Aksello gleder seg over suksessen til våre dyktige gründerar, i tillegg til at vi med glede registrerer at verkemiddelapparatet arbeider saman for å sikre gründerbedriftene sine behov og interesser.

Vi ønsker Dimeq lukke til vidare på ferda!

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet