Skip to content Skip to footer

GOLF & GUMBO

[vc_row][vc_column][vc_column_text]Tradisjonen tru inviterer Aksello i slutten av juni sine inkubatorbedrifter, rådgjevarar og styremedlem med på sin årlege sommaravslutning. Årets samling hadde fått tittelen Golf & Gumbo og gav ein tydeleg indikasjon på temaet for kvelden!

Samlinga starta i Aksello sine lokalar, der Lille Marked leverte nydeleg fingermat, og deltakarane fekk ein god innsikt i Aksello sitt arbeid og satsingsområde framover, så vel som ein presentasjon av dei spennande og innovative inkubatorbedriftene i Aksello sin “stall”.

Etter det faglege innslaget gjekk turen til Florø Golfklubb i Brandsøya der gjengen fekk instruksjon frå dyktige medlemmer frå golfklubben (for ikkje å nemne Aksellos eigen Arne Olsen som stod i spissen for putteundervisninga) i tre ulike teknikkar innan golf; putting, chipping og driving (utslag).[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_gallery type=”image_grid” images=”7003,7007,7008,7051,7050,7036,7047,7046,7011,7016,7023,7022″ img_size=”125×75″ title=”Bildegalleri”][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]Konkurransar blei sjølvsagt arrangert for å kåre den beste i dei ulike teknikkane. Vinnarane av kveldens konkurransar blei Gabriel Ossenkamp frå FjordAlg med kveldens lengste slag i herregruppa, Aksellos eigen Heidi Felle slo lengste slag i kvinnegruppa og i tillegg vann ho konkurransen som beste putter. Med spekulasjonar i om konkurransen var rigga eller ikkje, blei ein av premiane vidareformidla til Sten Ingve Hellevang frå Senseye som imponerte med kveldens einaste Hole-in-one! Gratulerer til alle, vi forventar å sjå dykk på bana igjen innan kort tid![/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column width=”1/2″][vc_single_image image=”7012″ img_size=”full”][/vc_column][vc_column width=”1/2″][vc_single_image image=”7039″ img_size=”full”][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]Utan mat og drikke duger (golf)helten ikkje, og etter golfinga serverte Siri i frå Siri’s Soulfood i Naustdal nydeleg Gumbo frå New Orleans med verdas beste heimelaga sandwich-is til dessert. God stemning og ein super kveld![/vc_column_text][/vc_column][/vc_row]

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet