Skip to content Skip to footer

Energisenter Florø

Florø – Norges industrihovudstad for grøne satsingar i det store blå!

Kinn kommune og vår region sitter med store komparative fortrinn som vil tiltrekke seg attraktive, grøne etableringar innan utvikling, produksjon og bruk av fornybar energi. Med denne bakgrunnen vart prosjektet «Energisenter Florø» etablert. 

I prosjektet har Aksello vore prosjektleiar og sikra at myndigheiter og næringsliv har arbeida tett saman med kartlegging, planlegging og målsetningar. Dette gjev eit resultat og eit mål vi kan stå samla om for å realisere framtidige fornybare moglegheiter innan kraftintensive næringsetableringar i vår region. 

I prosjektet «Energisenter Florø» har Kinn kommune hatt med seg Fjord Base, Flora Industri- og Næringsforening, Sogn og Fjordane Energi, Westcon og Vestland fylkeskommune der ein har komt fram til ein plan for utvikling, produksjon og bruk av fornybar kraft. Prosjektet har resultert i konkrete prosjektforslag, som skal hjelpe både eksisterande næringsliv å lukkast med «grøne initiativ» og tiltrekke seg nye etableringar som skal gje nye grøne arbeidsplassar i vår region.

Vi tilbyr alt på eit fat, for at eksisterande næringsliv og nyetableringar skal
lukkast med grøne satsingar innanfor havvind, havbruk og maritim industri.

Alt på eit fat!

Florø er Norges vestlegaste by og administrasjonssenter i Kinn kommune. Ein kommune som har sett seg ambisiøse miljømål om å vere klimanøytrale innan 2030. Som den største byen i kommunen, med over halvparten av innbyggarane, skal Florø saman med eksisterande næringsliv og nyetableringar bidra aktivt til å omstille regionen frå det fossile til det fornybare.

Florø er ikkje staden der industriområda ligg ein times køyretur frå bysentrum. Byen tilbyr «alt på eit fat»; industriareal på land og i sjø, grøn kraft i eit gunstig prisområde, ferskvatn, hamner og anna infrastruktur. Alt innanfor nokre få kilometer og nokre få minutt. Flyplass, med mange direkteavganger til Oslo og Bergen, samt hurtigbåt til Bergen og nordover i umiddelbar nærleik gjer Florø til eit knutepunkt

Florø – for grøne satsningar i det store blå. 

I Florø sikrer vi tilgang til kritisk infrastruktur for at næringslivet skal lukkast med våre grøne satsingar.
Florø-regionen har stort overskot på fornybar grøn kraft i eit gunstig prisområde, og Sogn og Fjordane Energi/Linja er i prosess med å tredoble den lokale nettkapasiteten.

HAVVIND

Som Norges vestlegaste by har vi direkte nærleik til kommande havvind konsesjonar på sokkelen.

Vi har areal tilgjengeleg, kritisk infrastruktur nær sjø, og relevant kompetanse i verdsklasse. Florø ønsker alle aktørar innanfor havvind velkommen!

MARITIM INDUSTRI

Å flytte transport frå veg til grøn energi på sjø har lenge vore eit politisk mål – og her i Florø har vi tjuvstarta

Vi har det som skal til for at heile verdikjeda i den maritime industrien skal bli ei drivkraft i det grøne skifte, og vi er allereie godt i gang!

HAVBRUK

Frå dei første pionerane som starta med lakseoppdrett for over 50 år sidan, så har Florø-regionen nå tusenvis av arbeidsplassar innanfor heile verdikjeda til havbruksnæringa.

Florø – i lag for Norges grønaste havbruk. 

Les prospektet i si heilheit

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet