Skip to content Skip to footer

Velkommen til Frukostsamling 2. Februar

Velkommen til årets første frukostsamling. NHO kjem og fortel oss kva dei trur konsekvensane kan bli av dei store endringane i høve mellom anna nytt statsbudsjett, renteauke og auke i kraftprisar – kan det resultere i fleire konkursar, permitteringar og oppseiingar i tida som kjem? Deretter kjem Vookal og vi skal få lære om korleis ein blir meir synlege i sosiale media. I tillegg får vi høyre om resultat frå prosjektet «Energisenter Florø» og korleis næringslivet og myndigheiter saman kan legge til rette for at fornybare, kraftintensive og verdiskapande næringar etablerer seg i vår region. Sist, men ikkje minst kjem vår nye inkubatorbedrift Emendakit AS og presentera seg

Aksello inviterer til frukostsamling torsdag 2. februar. Samlinga vert som vanleg i våre lokaler i Peak Florø. Frukostmøtet er ope for alle og gratis. Vi startar med frukost kl. 07.30 (for dei som ønsker det), og så vert det interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00.

Her ser du agendaen:

  • Velkommen v/Aksello
  • Medlemsundersøkelse og konsekvensane av statsbudsjettet v/NHO 
  • Kordan bli synleg i sosiale medier – v/ Vookal 
  • Prosjekt – presentasjon av Energisenteret Florø v/Kinn kommune 
  • Ny inkubatorbedrift: Emendakit v/ Kjersti Grinde
  • Ordet Fritt

Vi gleda oss til å sjå deg der, for læring, mingling og nettverksbygging. Vi skal sørge for god strømming av frukostmøtet, så du er velkommen til å delta på den måten om du ikkje kan møte fysisk. Strømming av frukostmøta finn du HER. Uansett, er det fint om du melder deg på så vi veit kor mange som vil ha frukost (sjå nedanfor)

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Meld deg på HER

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet