Skip to content Skip to footer

Velkommen til Frukostsamling 2. mars

Aksello si frukostsamling torsdag 2. mars med interessant program – Linja kjem og gjev oss innsikt i fusjonen med Mørenett og kva næringslivet i regionen kan forvente. Vi får høyre korleis iVest Consult heng med i det grøne skiftet. KURS KF kjem for å fortelja om KURS som ein samarbeidspartner og korleis mangfald er ein ressurs. I tillegg kjem Havkraft og skal fortelje om bølgjekraft som verdas nye energikjelde, og starten på den internasjonale satsinga den skjer på Svanøya.

Aksello inviterer til frukostsamling torsdag 2. mars. Samlinga vert som vanleg i våre lokaler i Peak Florø. Frukostmøtet er ope for alle og gratis. Vi startar med frukost kl. 07.30 (for dei som ønsker det), og så vert det interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00.

Her ser du agendaen:

  • Velkommen v/Aksello
  • Linja og Mørenett har fusjonert, kva betyr det for næringslivet v/Linja- Atle Isaksen
  • Det grøne skiftet, slik skal vi henge med v/ iVest Consult – Anders Lien
  • Mangfald som ressurs – KURS KF som samarbeidspartner i rekruttering av arbeidskraft
    v/ KURS KF 
  • Bølgjekraft – verdas nye energikjelde v/Havkraft – Geir Arne Solheim. 
  • Ordet fritt

Vi gleda oss til å sjå deg der, for læring, mingling og nettverksbygging. Vi skal sørge for god strømming av frukostmøtet, så du er velkommen til å delta på den måten om du ikkje kan møte fysisk. Strømming av frukostmøta finn du HER. Uansett, er det fint om du melder deg på så vi veit kor mange som vil ha frukost (sjå nedanfor)

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Meld deg på HER

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet