Skip to content Skip to footer

Ny tilsett hos Aksello!

Aksello satsar vidare: Kari Brun Ågotnes er tilsett som rådgjevar for kommunal næringsutvikling

Ein kjekk kar med røter i Florø fekk Kari til å tenke etablering på Vestlandet etter mange arbeidsår i hovudstaden. Ho har jobba innan privat verksemd som bl.a. Mercedes-Benz og Ringnes, samt frå offentleg forvaltning som i Posten og Fiskeridepartementet. I tillegg har ho erfaring frå arbeidsgjevarsida hos Norges Lastebileigar-forbund.

No kjem Kari frå stillinga som kommunikasjonsrådgjevar i Bydel Frogner i Oslo. Bydelar kan reknas som kommunar, og slik sett er Bydel Frogner Norges åttande største kommune. Hennar erfaring herifrå kan komme godt med sidan rollen skal jobbe spesifikt med kommunal næringsutvikling.

Ansvaret for forvaltning av Kommunalt næringsfond, samt oppfølging av førstelinjetenesta opp mot gründere og det innovative miljøet blir viktige oppgåver.

– Det skjer så mykje spennande langs kysten no. Å fremme Kinn kommune med Florø by som åsted for nyskaping og gründerverksemd, blir utfordrande og artig. Da er det flott å være ein del av ein kompetent fagleg rådgjevargjeng som her i Aksello. Meir samarbeid med kystkommunane og regional sammenslåing gjev fleire utfordringar og muligheitar, og her veit eg at Aksello ønsker å spele ei rolle, seier Kari.

– Teamet vårt har vokse mykje dei siste åra, og vi er utruleg glade for å få Kari med oss på teamet. Vi gleder oss til nye utfordringar til hausten, seier Lone Bareksten Dagleg leiar, Aksello.

Kari har ein master i leiing og kommunikasjon frå University of Technology, Sydney, og har også tatt ein bachelor i Skottland.

– Min bakgrunn frå kommunikasjonsbransjen håper eg kan bidra positivt innan utadrettede aktivitetar som f.eks. kurs, møteplattformer, utmerkingar og omdømmebygging. Det gjeld for både næringslivet, gründere og ikkje minst politiske aktørar. Like viktig blir det å «ufarleggjere» ord som næringsverksemd, innovasjon, inkubator og gründer; næringslivsutvikling skal vere lavterskel med fagleg forankring, avsluttar Kari.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet