Skip to content Skip to footer

Vellukka fellessamling for bedriftene i vekstprogrammet

Det var godt oppmøte frå dei deltakande bedriftene som no nærmar seg sluttfasen av vekstprogrammet. 

Bedriftene fekk presentasjonar frå mellom anna Klimapartner Vestland, ved Truls-Einar Johnsen. Han fortalte om den grøne trappa, viktigheita av samarbeid og at «der det er utslepp er det moglegheiter».

Andrea Bjørkaas oppmoda bedriftene til å fokusere på regionen med kulturtilbod og kveldsøkonomi for å bidra til forbetra rekruttering og kompetanse. I tillegg var Vanja Viken der og gav bedriftene informasjon om moglegheit til å delta og få støtte frå inkubatorprogrammet i Aksello.

Høgskulen på Vestlandet, ved Øystein Stavø Høvig, fortalte om korleis bedriftene kan få eit tettare samarbeid mot akademia, forsking og utvikling. Her er det til dømes mogeleg å samarbeide med studentar i høve bachelor- og masteroppgåver. Ein kan også nytte Kompetansemeklarar gratis til å sjekke ut om bedriftene sine prosjekt har potensiale om utløysande verkemidlar.

PWC er bedriftene sin rådgjevarar gjennom programmet. Dei gikk gjennom historikken i Aksello sine vekstprogram tilbake til år 2004, då Aksello gjekk under namnet Sunnfjord 2020.

Alle dei 10 bedriftene fekk tid til å presenterer si bedrift og kva dei har fått ut av programmet.

Det som gjekk igjen var at dei var godt i gang med mange tiltak innan berekraft, men dei treng å få det inn i strategiane sine. Elles var det samarbeid som gjekk att som ein fellesnemnar.

Alle deltakarane fekk utdelt Aksello sine grøne solbriller,  laga av kveitestrå og bambus, før vi samla oss til ein nydeleg middag på Bolette.

Vi takkar for ei god fellessamling, og ser fram til å følgje utviklinga til alle deltakarane.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet