Skip to content Skip to footer

Brim Farm IPR AS tatt opp i inkubator

Brim Farm IPR AS (BF) er eit nyetablert selskap som utviklar ein flytande semi-lukka oppdrettsanlegg, som skal løyse utfordringar knytt til lus, fiskerømming og forureining.

Opphavet til ideen var det Yatek-grunder Øyvind Høie som hadde på bakgrunn av si lange erfaring frå oppdrettsindustrien. Karsten Sævik, tidlegare direktør på Havyard Leirvik, og Øyvind Høie kom i dialog via nettverket Havbruksgruppa leia av Akvahub. Grunderane har lang erfaring frå rederidrift, verftsindustri og oppdrettsnæring.

Oppdrettsanlegget er skalerbart i storleik, har ei venta levetid på 50 år og høver for drift i fjordar og på innaskjers lokasjonar. Nyhendegraden i konseptet er hovudsakleg knytt til at sjølve tanken kan hevast og senkast med støtte frå ein omsluttende krage. På denne måten er tanken lett å gjere rein, og lett å flytte mellom ulike lokasjonar om ønskeleg. Tanken er 100% sikker mot rømming og blir kontinuerlig forsynt lusefritt sjø-vatn frå djupna. Tanken har glatte inn- og utvendige overflater som gjer reingjering/desinfisering enkelt. Det er eigne uttak i botnen av tanken for levande/død fisk, samt avfall frå fiskeskit og overskudds fiskefôr. Selskapet ser for seg at eit slik oppdrettsanlegg også kan eksporterast til land som har andre utfordringar enn Noreg.

Brim Farm ser på Aksello sin kompetanse/rådgjeving, miljø, erfaring med finansielle støtteordningar og kontakt med investormiljø som viktig for vidare utvikling og kommersialisering av forretningsidé, og då særskilt knytt til bransjen som dei opererer innan.

Vi ynskjer Brim Farm IPR AS velkommen til inkubator!

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet