Kystvegen og den digitale tida

Dei frammøtte på dagens frukostsamling fekk med seg siste status for kystvegane Måløy-Florø og Ålesund-Bergen, og innsikt i korleis Volda-bedrifta Shipadmin og Aksello sin nyaste inkubatorbedrift Dimeq spelar på lag i den digitale tida.

Kystvegen Måløy – Florø

Styreleiar Reidar Sandal frå Kystvegen Måløy – Florø AS starta dagens samling med å oppsummere prosessen med Kystvegen Florø-Måløy fram til i dag. Han la fram styret sine tilrådingar til traséval, rekkefølge etc., samt Fylkeskommunen sine ulike tilrådingar. Deretter presenterte han vedtaka frå gårsdagens møte i Fylkestinget der det blei vedtatt oppstart av Svelgen/Indrehus og bru frå Tongane til Biskjelneset. Vidare blei det bestemt at vegen vil gå til Grov og ikkje over Terøya, i strid med kystvegstyret si tilråding. Sandal innrømde at dette var ein stor skuffelse for dei, ettersom styret meiner at alternativet via Terøya vil utløyse nærleik til store og viktige næringsområde. Men sidan 2 av dei 3 tilrådingane deira gjekk igjennom, konkluderte han likevel med at dei er eit viktig steg vidare i prosessen.

Reidar sin presentasjon kan du sjå her: 171207 Aksello Frokostmøte – Reidar Sandal

 

Kystvegen Ålesund – Bergen

Når vi først var innom temaet kystvegen, passa det også bra med ei oppdatering på Kystvegen Ålesund-Bergen som har fått lite mediemerksemd samanlikna med Kystveg Måløy-Florø den siste tida. Styreleiar Jan Henrik Nygård presenterte prosjektet sitt formål og gav ei oversikt over delprosjekta som Kystvegen Ålesund-Bergen støtter oppom. Det neste som står på agendaen for prosjektet er Kystvegkonferanse i Ulsteinvik i mars 2018, og Nygård har trua på at dette prosjektet vil bli lettare å realisere når vi blir eit større fylke i 2020.

 

Foto: Stian Færøy, dagleg leiar frå Shipadmin.

Shipadmin

Dagleg leiar for Shipadmin, Stian Færøy, introduserte selskapet Shipadmin som spesialiserer seg på digitale, administrative løysingar for skipsfartøy og riggar. Selskapet er også ein viktig digitaliseringspartnar for fleire av inkubatorbedriftene til Aksello. Dei har levert skyløysing og software til Vestnes Land sitt smartskap Safe Control Cabinet og utviklar også software for Remb Technologies og Dimeq.

 

Dimeq  

Dimeq er den nyaste inkubatorbedrifta i stallen vår. Dei er ei far og son-bedrift frå Kalvåg som har utvikla eit digitalt armband for offshore-marknaden. Audun Bakke var til stades under dagens samling for å fortelje meir om idéen deira og armbandet som dei har patent på. I det neste nyhendebrevet vårt kan du lese meir om denne spennande bedrifta.

I nyhendebrevet vil du også få meir informasjon om neste Frukostsamling. Det er mogleg at det blir ei samling rett over nyttår, 4. januar. Men dette kjem vi tilbake til, så følg med i innboksen din for siste nytt.

 

Har du ikkje meldt deg på nyhendebrevet vårt?

Då kan du gjere det ved å trykke på lenka under.