Stig Førde
Stig Førde er viseadministrerande direktør i Fjord Base og representerar ein av våre eigarar.
– Min motivasjon for styret er å kunne bidra til utvikling av nye idèar og styrke næringslivet regionalt, samtidig som eg kan bygge kompetanse og nettverk for min eigen del. Det er engasjerande å treffe nye gründerar og gode idèar. Slikt blir ein inspirert av.
Stig har bakgrunn frå skipsverft og garantiarbeid. Han har også vore teknisk sjef i Fjord1 og jobba mykje med anskaffelse, skipskontrakter og komplekse offentleg anskaffelse til salsprosessar. I Fjord Base jobbar han med eigedomsdrift og utbyggingsprosessar. Fjord Base spelar ei sentral rolle i det grøne skiftet; med fokus på alternativt drivstoff, elektrifisering og landstraum, og er derfor mykje involvert i innovative løysingar.
– Eg ønsker å bidra til at Aksello blir best mogleg selskap for næringsutvikling. Dei har dyktige mennesker i styret og administrasjonen, fortel Stig.
– Sjølve basen er ei industriklynge som skal fyllast opp med aktivitet. Vi er viktige for Florø og regionen, og kjem der gode idèar kan det hende vi kan vere med på å videreutvikle dette dersom det er aktuelt for oss! seier han avslutningsvis.
Ragnar Waalen
Ragnar Waalen jobbar i Siva som er medeigarar i Aksello og i andre tilsvarande innovasjonsselskap i Norge.
– Det med å sjå samanhengen i denne innovasjonsstrukturen og kanskje ein del overføringsverdi i frå enkelte selskap til andre, er kompetanse eg tek med meg inn i styret. Særskild koblinga mot Siva og finansieringsbiten er kanskje noko av det viktigaste, seier Waalen.
Waalen har fleire års erfaring frå styrearbeid, og har vore med i to perioder i Aksello sitt styre.
– Det har vore veldig interessant å følge med på Aksello. Selskapet hadde ei strevsom periode, i fjor, men det er mange fleire prosjekt på gong i år! No er det absolutt ein stigande trend, og det kjem til å skje mykje framover. Det som skaper engasjement er at ein ser resultater. Vi ser at ting skjer, og at selskapet bidrar med næringsutvikling i sin region.
– Vår motivasjon er å bidra til at selskapet skal lukkast, og at dei skal levere godt på dei prosjekta og programaktivitetane dei gjennomfører. Dette vil igjen bidrar til at Aksello kan få enda fleire oppgaver og prosjekt som gir utvikling i næringslivet og til inkubatorbedriftene, seier Waalen.