Skip to content Skip to footer

Bli kjend med Solveig Willis og Marit Selstad!

Styret i Aksello er ei viktig brikke i arbeidet for nyskaping og næringsutvikling. Styret vårt består i dag av Marit Selstad, Kari Bjørbæk, Ragnar Waalen, Stig Førde, Mikael Johansen (styreleiar), Solveig Willis og Ola Teigen. Hans Inge Gloppen og Terje Heggheim er observatørar.

Først ut er Solveig Willis og Marit Selstad.

Solveig Willis, FOU- og stamfiskeansvarleg, Svanøy Havbruk

Aksello-styret«Mi erfaring er i hovudsak frå privat næringsliv. Eg har meir enn 30 års erfaring frå havbruksnæringa, og i tillegg har eg jobba i oppstartsselskap innan IT- og grøn teknologi som til dømes Evoy og Pixelwerk (Ørn Software i dag). Erfaringa frå lokalpolitikken kan også vere til nytte for styrevervet i Aksello, som jobbar mykje inn mot kommunane. I dag jobbar eg som FOU- og stamfiskeansvarleg for ein lokal oppdrettar, Svanøy Havbruk, som også er relevant for mitt bidrag i styret. 

Aksello er ei styrke for selskap i regionen, med nye idèar og forretningsområde som dei vil ha ut i livet. Inkubatorprogrammet er også eit viktig apparat for å hjelpe gründerar med nye idèar, noko som har ført til ny næringsaktivitet og nye arbeidsplassar i regionen. Aksello har sterk kompetanse som kontaktflate mellom kommunen og næringsliv, som er viktig for næringsutvikling. Alt i alt er det mange spanande område dei jobbar med som gjer at det er kjekt å sitje i styret. 

Som representant for Svanøy Havbruk i styret, tar vi som selskap eit samfunnsansvar. Det er også inspirerande for meg å sjå kva som finnast av nye idèar og nyskaping hos gründerane. Dette gir meg fagleg påfyll og inspirasjon i eigen arbeidskvardag!»

 

Marit Selstad, Chief of Sales and Marketing Officer i Selstad

Aksello-styretMarit Selstad er utdanna siviløkonom frå CBS (Copenhagen Business School) og har mykje erfaring med internasjonalt arbeid, der ho tidlegare har jobba i London og tatt studier i Danmark og Frankrike. I dag er ho Chief of Sales and Marketing Officer I Selstad og jobbar med sal og marknadsføring. Selstad har frå tidlegare arbeid erfaring med strategiarbeid, og har blant anna vore styremedlem i Isfell (Island), Måløy Maritime Group og Selstad.

«Aksello gjer mykje positivt i sitt arbeid med utvikling i Florø-området og langs kysten på Vestlandet. Det er veldig spanande å kunne vere ein del av dette» fortel Selstad.

Selstad kjem frå Måløy og synast det er positivt å bli kjend med fleire i næringslivet i Florø og lære meir om alt som rører seg her.

«Det er høgt nivå i styret, og det er motiverande å samarbeide med og lære av så mange dyktige kollegaer!» Avsluttar ho.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet