Skip to content Skip to footer

Velkommen til Frukostsamling 5. oktober

Aksello invitera til frukostsamling torsdag 5. oktober med interessant program – Vi skal få høyre frå PWC om berekraftsarbeidet til næringslivet. Future Materials Katapult kjem og fortel korleis de kan hjelpe oss til ein grønare framtid. Så skal Aksello og Fjordbase sjå på Florø som ein grøn hub, vil det pågåande arbeidet gi resultatar? I tillegg kjem Framtidsfylket og informerer om sitt traineeprogram.

Samlinga vert som vanleg i våre lokaler i Peak Florø. Frukostmøtet er ope for alle og gratis. Vi startar med frukost kl. 07.30 (for dei som ønsker det), og så vert det interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00.

Merk: Frukostsamlinga blir ikkje streamet. 

Her ser du agendaen:

  • Velkommen v/Aksello
  • Norsk Katapult – en unik testarena. Vi hjelper deg mot en grønare framtid – Siv Emanuelsen v/ Future Materials
  • Løypemelding 2023 – ei temperaturmåling på næringslivets bærekraftsarbeid – Silje Kristin Guddal V/PWC
  • Grøne satsingar i det store Blå – kva har arbeidet i den grøne hub’en gjett av resultat så langt? v/Fjordbase og Aksello
  • Treng du ny driv og fersk kompetanse i din verksemd? – Kan trainee vere løysinga?  Kine Vikse v/Framtidsfylket
  • Ordet fritt

Vi gleda oss til å sjå deg der, for læring, mingling og nettverksbygging. Det er fint om du melder deg på så vi veit kor mange som vil ha frukost (sjå nedanfor)

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Meld deg på HER

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet