Retrams inviterer til temasamling industri/helse

Inkubatorbedrifta Retrams har teke initiativ til å samle interesserte partnarar for å utvikle eit nytt, sterkt fagmiljø her i området. Med partnarar som Local Host, Nor Tekstil, NHO, Helse Førde og Aksello (og fleire etter kvart) skal dei samle kreftene med interesse for kombinasjonen industri og helsesektor. Kva som kjem ut av dette i andre enden, veit ein enno ikkje. Det kan bli ei formell klynge, samarbeid om større leveransar eller berre eit laust diskusjonsforum. Det viktigaste no er å finne saman og gjere kvarandre gode, eller: enda betre.

Det heile startar med ei temasamling den 11. november kl. 14.00-15.30. Du er hjarteleg velkommen, og invitasjonen ser du her: Invitasjon Temasamling Retrams.

Ein liten video er laga om arrangementet. Den kan du sjå HER

Den neste temasamlinga er planlagd lagt til Måløy før jul. 

Vi heier på Stein-Asle Øvrebotn og Per Ove Lexau i Retrams og håpar at dette vert eit sterkt miljø med mykje verdiskaping.