Styrka eigenkapital

Lone Bareksten

Aksello har styrka eigenkapitalen og er klar for å hjelpe bedrifter og gründerar i regionen.

Det er fantastisk godt å ha engasjerte og dedikerte eigarar som trår til og støtter det viktige arbeidet vi gjer i regionen vår. Vi såg tidleg i sommar at vi ville trenge finansiering for å kome i mål med arbeidet vårt i 2020 og sikre ein god og berekraftig framtid for selskapet. Eigarane Siva, Kinn kommune, Equinor, Westcon, Saga Fjordbase, Sparebanken Sogn og Fjordane, Flora Industri og Næringsforening og Neptune Energy har bidrege med ny aksjekapital eller eigartilskot på til saman drygt 2,3 millionar kroner. 

Vi er særs takksame for den hjelpa vi har fått. Det er og utruleg godt å no kunne ha full merksemd på leveransar til gründerar og næringslivet att, og vite at vi er i god posisjon for å løyse dei viktige oppgåvene våre.

Aksello er mellom anna inkubator gjennom Siva sitt inkubasjonsprogram. Her hentar vi nasjonale midlar som vi nyttar direkte ut att til bedriftene som har vekstmoglegheit og innovative idear. Vi er og Vestland fylkeskommune sin strategiske partnar og ynskjer gjennom dette samarbeidet å tilby vår del av regionen dei regionale virkemidlane for å bistå etablert næringsliv og gründerar som ynskjer å utvikle seg. Mellom anna i går vi i desse dagar ut med eit gratis tilbod til næringslivet som har behov for å diskutere strategi, omstilling, utfordringar og moglegheiter. 

Det har vore ein utfordrande sommar og haust for mange bedrifter i år, men vi i Aksello er klar for å gripe og støtte alle dei spennande moglegheitene for nyskaping og næringsutvikling som finst i vår region!