Skip to content Skip to footer

Velkommen til Frukostmøte 7. april!

Aksello Frukostsamling torsdag 7. april – Konflikten i Ukraina og påverknad på lokalt næringsliv, Haptiq blir Cloudberrie, Høgskulen på Vestlandet sitt tilbod til bedrifter og studentar, jobb i FN, løypemelding frå vekstprogrammet Grøn Vekst, to nye inkubatorbedrifter og ein ny medarbeidar i Aksello

Aksello inviterer til ny frukostsamling torsdag den 7. april. Samlinga vert som vanleg i våre lokale i Peak Florø. Vi startar med frukost kl. 07.30, og så vert det interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00. 

Vi har denne gongen følgande program, der det bør være noko for ein kvar smak:

  • Konflikten i Ukraina og påverknad på lokalt næringsliv v/Linn Theres Nekkøy, Norwell
  • Haptiq blir Cloudberrie v/Robin Gjelsvik og Chester Laquain
  • Høgskulen På Vestlandet, Campus Førde – Ingeniørutdanning og forskning i tett samarbeid med næringslivet v/Per Chr. Engdal
  • Vil du ha jobb i FN? v/Tormod Nuland, Norec
  • Løypemelding frå Grøn Vekst v/Trond Økland
  • Ny inkubatorbedrift: Thalasso Biotech v/Paulina Zanela og Frode Sønstebø
  • Ny inkubatorbedrift: Safe Storage v/Per Ove Lexau og Stein-Asle Øvrebotn
  • Ny medarbeidar i Aksello v/Lone Bareksten
  • Ordet Fritt 

Sigrid Alice Hovland og Anja Alme Gardli  frå innovasjon Norge vil være til stades og også være tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte med dei, så send ei melding til lone@aksello.no

Merete Lunde frå Forskingsrådet vil også være i Frukostsamlinga, og blir værande utover dagen for møter med bedrifter. Ønsker du eit møte med henne, så send ein e-post til lone@aksello.no

Vi skal sørge for god streaming av frukostmøtet, så du er velkommen til å delta på den måten om du ikkje kan fysisk. Uansett er det fint om du melder deg på (sjå nedanfor).

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Meld deg på HER

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet