Aksello inviterer til Frukostmøte torsdag 5. november! Denne gongen står mellom anna oppdrettsnæringa, lokale investeringar og internasjonale marknader på programmet. Dimeq deler siste nytt, SpareBank 1 tek for seg geopolitikk, eksport og valuta, medan Havland presenterer sine store investeringar i lokalmiljøet. Meld deg på og bli med på ein lærerik og sosial start på dagen!
Samlinga vert i våre lokale på Byx Cowork i Florø, i allrommet i tredje etasje.
Bli med på Frukostmøte – møtet er ope for alle og gratis. Vi startar med frukost kl. 07.40 for dei som ønskjer det, før det vert interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00.
Agenda:
- Velkommen v/ Aksello
- Ronny Bakke, Dimeq: Siste nytt og kapitalinnhenting
- Jan Arne Åsen, SpareBank 1: Geopolitikk, eksport og valuta
- Pål von Zinke Herstad, OceanTales: Siste nytt frå OceanTales
- Oda Igland, Havland: Investeringar for 200 millionar kroner i lokalmiljøet
- Nytt og nyttig v/ Aksello
Ynskjer du ein uformell prat eller eit møte med Innovasjon Norge denne dagen? 5. november har Tobias Gloppen kontordag hos Aksello.
Vi gler oss til å sjå deg der, for fagleg påfyll, mingling og nettverksbygging. Det er fint om du melder deg på, slik at vi veit kor mange som ønskjer frukost.

