Velkommen til Frukostmøte 3. desember!

Aksello inviterer til årets siste Frukostmøte torsdag 3. desember! Denne gongen får vi høyre om Leif Stavøstrand sine erfaringar frå Evoy og kva som ventar no. The Norwegian Ship Design Company tek oss med frå idé til batteridrive lasteskip i eit prosjekt som har fått nærmare 90 millionar kroner i Enova-støtte. På programmet står også Ringar i vatn-analysa frå Tell Norge, Kinn-pulsen, Bowl-konseptet og spennande nytt frå Aksello. Meld deg på og bli med på ein lærerik og sosial start på dagen!

Samlinga vert i våre lokale på Byx Cowork i Florø, i allrommet i tredje etasje.

Bli med på Frukostmøte – møtet er ope for alle og gratis. Vi startar med frukost kl. 07.40 for dei som ønskjer det, før det vert interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00.

Agenda:

  • Velkommen v/ Aksello

  • Ingebjørg Gill og Beate Grønnevik: Kinn-pulsen

  • Leif Stavøstrand: Erfaringar frå Evoy – kva no?

  • Gunn Merete Paulsen, Tell Norge: Ringar i vatn-analyse

  • Linn Nekkøy, Aksello: Spennande nytt frå Aksello

  • Gjermund Johannessen, The Norwegian Ship Design Company: Fekk nærmare 90 millionar kroner i Enova-støtte – frå idé til batteridrive lasteskip

  • Jorunn Bakke Nydal, Kinn kommune: Bowl-konseptet

  • Nytt og nyttig v/ Aksello

Vi gler oss til å sjå deg der, for fagleg påfyll, mingling og nettverksbygging. Det er fint om du melder deg på, slik at vi veit kor mange som ønskjer frukost.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet