Nye rapportar viser kva Florø kan tilby innan industri og forsvar

Aksello fekk i oppdrag å utarbeide ei kartlegging på vegner av Westcon Yards, Fjord Base, Flora Industri- og Næringsforening og Kinn kommune. Arbeidet tek for seg kva Florø kan tilby innan industri, og kva ressursar og kapasitet som kan vere relevante for Forsvaret.

Kartlegginga og rapportane er utarbeidde av Trond Strømgren, Aksello.

Den eine rapporten er eit generelt prospekt over kva industristaden Florø kan tilby, medan den andre er ei kartlegging som kan nyttast av selskap i Florø opp mot Sjøforsvaret.

Her kan du lese rapportane:

Industristaden Florø

Florø – Eit strategisk maritimt støttepunkt for Sjøforsvaret

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet