Prosjekt
For å sikre fundament for nyskaping og næringsutvikling etablerer Aksello ulike utviklingsprosjekt kontinuerleg. Desse skal sikre samarbeid, tilrettelegging og utvikling som igjen bidreg til at nye berekraftige bedrifter etablerer seg, eller eksisterande næringsliv utviklar seg. Vi ynskjer at prosjekta våre skal gje synleg effekt for berekraftig verdiskaping i vår region.
Grøn Hub Fjord Base Florø Fase 2
Målet med Grøn Hub Fjord Base Florø Fase 2 er at Fjord Base saman med fleire av byens bedrifter skal utviklast til å bli ein av 16 verdsleiande grøne hub’ar gjennom industriell symbiose. Dette vil sikra verdiskaping og sysselsetjing både i etablerte og nye verksemder, der industriell symbiose er ein metodikk for å redusera kostnadar og utslepp.
Les meir om prosjektet: https://aksello.no/services/gronn-hub-fjord-base/
Studiesenter Kysten
Studiesenter Kysten er eit desentralisert studiesenter på Kysten av Fjordane i Vestland og er skapt i samarbeid mellom Kommunane: Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger med utdanningshubar i alle samarbeidskommunane.
Link til nettside: https://studiesenterkysten.no/
Flora U40
Flora U40 er eit nettversk som skal inkludere samt fremme trivsel, bulyst, tilbakeflytting, og tilflytting i regionen vår. Målgruppa er dei under 40 år som bur, arbeider, studerer, og/eller søker jobb i Florø-området.
Link til nettside: https://florau40.no/
Energisenteret Florø
Aksello arbeidde med kartlegging og planlegging, slik at myndigheiter og næringsliv saman kunne realisera framtidige fornybare moglegheiter for kraftintensive næringsetableringar i regionen vår.
Les meir om prosjektet her: https://aksello.no/services/energisenteret-floro/
Havvind
Aksello i samarbeid med hub’en Fjord Base gjennomførte eit prosjekt som kartla aktørbiletet for leveransar innan havvind og såg på kvar i verdikjedene vår region kan utvikla bærekreftige og grøne forretningsmodellar.
Les meir om prosjektet her: https://aksello.no/services/havvind/