Aksello er 1 av 35 nasjonale programoperatører
Inkubatorprogrammet
I inkubatoren får gründerar og etablerte bedrifter i regionen tilgang til eit sosialt og fagleg miljø der nyskaping og vidareutvikling er i fokus. Gjennom tilgang på profesjonelle forretningsutviklere, rådgjevarar og investorer hjelper vi deg med å sette fart på prosessen – fra ide til verkelegheit.
Målgruppa til inkubatoren er nyskapande gründerar og bedrifter med vekstpotensiale.
Målet er å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og overlevingsevne i bedriftene.
Kontakt konstituert inkubatorleiar Trond Økland om du vil vite meir om våre tilbod eller om du trur inkubatoren kan vera noko for deg.

Trond Økland
Konstituert inkubatorleiar/prosjektleiar
917 36 370
trond@aksello.no
Skap din eigen arbeidsplass
Inkubatoren hjelper deg vidare i ditt prosjekt – kontakt oss for eit uforpliktande møte
Dette ser vi etter
Oppstartsbedrifter eller prosjekt som:
- Har ein unik idé
- Har stort vekstpotensial
- Har behov for å vere i ein inkubator
Søkjaren må:
- Ha ambisjonar på vegne av bedrifta/prosjektet
- Vise vilje og evne til utvikling av bedrifta/prosjektet
- Ha ei open haldning til tett samarbeid med inkubator og rådgjevarar
- Vere villig til å dele av sin kunnskap og sitt nettverk med andre bedrifter/prosjekt i inkubatoren
Dette får du som inkubatorbedrift
- Eit sosialt og fagleg gründer- og utviklingsmiljø
- Rådgjeving, kunnskap og erfaring innan forretningsutvikling
- Moderne kontorfasilitetar med tilgang til trådlaust nettverk, skrivar, kopimaskin, skanner, møterom og kjøkken
- Seminar, workshop og kurs
- Eit nettverk av gode samarbeidspartnerar og mentorer
- Hjelp til å kontakte investeringsmiljøa
- Kopling mot relevant næringsliv, samt relevante forskings- og utviklingsmiljø
- Rettleiing innan immaterielt rettsvern (patent, varemerke, mønstervern osv.)
Her finn du standardvilkår for inkubatorprogrammet:
Gründerane våre
Ytir AS
Sundal Kompetanse
Thalasso AS
Brim Farm
Multi Maritime
Helse Først
Retrams AS
EmendaKit AS
Helinor Energy
Helinor Energy
Thalasso AS