Skip to content Skip to footer

Oppdrettsanlegg etter nytt konsept

Oppdrettsanlegg etter nytt konsept

Tre av dei største utfordringane for havbruksnæringa er lakselus, fiskerømming og forureining. Selskapet Brim Farm IPR har utvikla eit flytande og halvt lukka oppdrettsanlegg som kan løyse desse utfordringane. Aksello tok opp Brim Farm som inkubatorbedrift våren 2022.

Konseptet er ein rund tank med dobbel botn og ein krage rundt som kan brukast til ulike former for utrusting. Kragen gir nødvendig støtte til tanken når denne blir heva opp av sjøen ved å ta ut ballast frå ballasttankane. Tanken kan då bli reingjort og desinfisert på ein enkel måte. I heva posisjon kan anlegget enkelt flyttast mellom ulike lokalitetar. Anlegget er konstruert for bruk i innaskjers farvatn og i fjordar og får eit dempesystem mellom tank og krage som vernar mot mekaniske skader i sjøgang. Eit eige fortrengingssystem gjer at ein kan losse fisken utan å tømme tanken for sjø.

Oppdrettsanlegget skal kontinuerleg forsynast med ferskt sjøvatn frå så stort djup at vatnet er fritt for lakselus. Anlegget er fullstendig sikkert mot rømming av fisk. 

Øyvind Høie (til venstre) og Karsten Sævik i Brim Farm IPR AS, her hos Aksello i samband med opptaket som inkubatorselskap. Foto: Aksello.

Fôrrestar, avføring frå fisken og død fisk blir samla opp i botnen av tanken og kan fjernast gjennom eigne uttak. Målet er å gjenvinne minst 60 % av partikkelavfallet. Avfallet blir pumpa til kragen der ein silar av vatnet og lagrar det på eigne tankar. Partiklane kan då bli lossa og frakta til land for vidare behandling til bruk anten som gjødsel eller som biodrivstoff. Anlegget er modulært oppbygd slik at det lett kan skalerast i ulike storleikar. Levetida til eit slikt anlegget er venta å vere 50 år.

Solid erfaring

Bak Brim Farm står Øyvind Høie og Karsten Sævik, som begge har lang og brei erfaring frå viktige kystnæringar. Øyvind Høie har høgskuleutdanning innan akvakultur frå Bodø. Han har erfaring frå ulike stillingar i havbrukskonsernet Marine Harvest/Mowi, også som driftsleiar. Øyvind Høie har vore eigar og dagleg leiar i Yatek, eit reiarlag med base i Leirvik i Sogn som leverer servicetenester til havbruk og maritime næringar. Han er no driftsleiar i Bulandet Miljøfisk.

Karsten Sævik har mastergrad i marin teknikk frå NTNU i Trondheim. Han har hatt leiande stillingar i reiarlaga Odfjell og Remøy Shipping, ved skipsverfta Ulstein, Kleven og Havyard Leirvik og i andre selskap. Han har også vore adm. direktør i Norwegian Electric Systems, som jobbar opp mot den maritime marknaden globalt og har hovudkontor i Bergen. Karsten Sævik er dagleg leiar i Brim Farm.

Har søkt internasjonalt patent

Brim Farm har levert til saman 13 patentkrav på oppdrettsanlegget. Selskapet inngjekk samarbeid med ein patentkonsulent og starta arbeidet med patentsøknaden i oktober 2021. Søknaden vart levert til Patentstyret i januar 2022. Patentstyret samanlikna krava frå Brim Farm med andre godkjende patent av liknande karakter. Selskapet måtte så grunngje kvifor og korleis deira krav skilde seg frå desse patenta og dermed kunne seiast å vere unike. No har Brim Farm fått tilbakemelding frå Patentstyret om at søknaden er godkjend og vil bli offentleggjort i april. Frå patentet blir publisert følger ein periode på 9 månader der andre kan komme med eventuelle innvendingar.

Slik kan det nye oppdrettsanlegget frå Brim Farm komme til å sjå ut. Teikning: Brim Farm IPR.

Patentprosessen har vore eit svært omfattande og kostbart arbeid, i og med at Brim Farm har brukt topp ekspertise til å utforme søknaden. Dette har likevel vore ei viktig og riktig prioritering for oss for å sikre ein best mulig kvalitet på patentrettane våre, fortel Karsten Sævik.

Brim Farm har no sendt søknad til det internasjonale patentbyrået PCT, som har 157 medlemsland. Alle land som er relevante for selskapet sitt konsept er representerte i dette byrået. PCT kan gje Brim Farm ein utvida verneperiode på 18 månader, noko som gir selskapet tid til å søke om patentvern i dei landa som er aktuelle. Dersom Brim Farm får godkjent søknaden sin av PCT, vil selskapet få eit utvida internasjonalt vern fram til sommaren 2024. Brim Farm har ønske om at oppdrettsanlegget kan byggast i Noreg og ser for seg at det kan eksporterast til andre land der ein har mykje av dei same utfordringane som her i landet.

God støtte frå mange

Brim Farm er eit ungt selskap som vart etablert i februar 2022, med forretningsadresse i Leirvik i Sogn. Her fekk selskapet også etableringsstøtte frå Hyllestad kommune. For å få best mogleg oppstart søkte selskapet tidleg opptak i inkubatoren Aksello og vart medlem der i april 2022.

Medlemskapet i Aksello betyr at Brim Farm har fått god rådgjevings- og finansiell støtte i utviklinga av selskapet. Aksello er også ein god møteplass for fleire gründerselskap, der ein får lære av andre medlemsselskap i tillegg til å få inspirasjon av kvarandre. Vi har også delteke på kurs som Aksello arrangerer og som rettar seg spesielt inn mot selskap i ein oppstartfase, fortel Karsten Sævik.

Brim Farm er no inne i ein viktig fase der også Innovasjon Norge deltek med støtte. Det er ein fase der målet er å avdekke mest mogleg risiko knytt til konseptet. Vi har blant anna hatt ei teknologikvalifisering med Det Norske Veritas, som har gitt oss innspel på ting som vi skal ta omsyn til i det vidare arbeidet med utarbeiding av design, fortel den daglege leiaren i Brim Farm.

Tekst: Magnus Helge Torvanger.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet