Frukostsamling Aksello

Foto: Øyvind Østrem frå Høgskulen på Vestlandet.

Det var ein kjempegod start på årets frukostmøter med eit fullsatt lokale hos Aksello i dag. Vi måtte i forkant stengje påmeldinga til arrangementet då det vart fullbooka, og det er utruleg kjekt for oss å sjå at det er stor interesse for å vere med på frukostsamlinga vår. Det var trainee Trine Vederhus som leia frukostmøte i dag. Ho gav alle ein morgonboost med litt humor og oppvarming før dagens innlegg. Vi håpar også at det gjennomgåande tema for programmet: “nye moglegheiter” var med å gi alle ein god start på dagen sin her hos oss. Eit betre tema kan ein vel neppe begynne med når eit nytt år og nye moglegheiter ligg framfor oss.

Høgskulen på Vestlandet v/Øyvind Østrem

Øyvind Østrem frå Høgskulen på Vestlandet starta dagens innlegg med å informere om den nye studieretninga havteknologi der studentane kan velje å spesialisere seg i tradisjonell undervassteknologi eller havbruksteknologi. No når den nye linja er på plass har dei fullt fokus på å rekruttere nye studentar til dette studiet, og til Allmenn Maskin-studiet, gjennom prosjektet RekrutterING Sogn og Fjordane. Fleire og fleire vel utdanning som dei veit vil sikre dei ein jobb, og gjennom å samarbeide tett med næringslivet ynskjer dei å få ungdommen ut i relevante traineestillingar og sommarjobbar som vil auke sjansen deira for å lande draumejobben etter endt utdanning. Her har mellom anna Framtidsfylket vist veg med traineeprogrammet sitt, og Gro Rukan, avtroppande dagleg leiar for Framtidsfylket, er ein del av teamet som skal rekruttere ungdommen til Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet.

 

Frukostsamling Aksello

 

INC Gruppen v/Roald Førde  

Roald Førde frå INC Gruppen snakka om moglegheiter i det nye arealet vest på basen. Utviklinga hos dei er drive av det grøne skiftet og dei ynskjer å byggje vidare på den kompetansen og ressursane som dei har in-house frå Havlandet Marin Yngel, Havlandet Forskningslaboratorium og andre bedrifter i Gruppen. Det nye prosjektet INC planlegg er eit landbasert oppdrettsanlegg og eit hydrogenanlegg der dei ser moglegheiter for synergiar mellom dei to. Prosjektet vert kalla Green Atlantic Salmon, og Førde illustrerte korleis anlegget og testmodellen kan sjå ut. Ein viktig premiss for det nye prosjektet er det faktum at Florø-området inneheld så og seie alt som trengs i verdikjeden for fiskeoppdrett.

 

Frukostsamling Aksello

                                            

Innovasjon Norge Sogn og Fjordane v/ Kristine Kopperud Timberlid

Samanslåingar er for tida eit heitt tema, og den nye avdelingsleiaren for Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Kristine Kopperud Timberlid, var til stades for å fortelje om Innovasjon Norge og samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane til Innovasjon Norge Vestlandet. Vidare snakka ho om endringar og trendar som skjer i kjølvatnet av industri 4.0, den digitale revolusjonen, der digitalisering er eit svært viktige satsingsområde for Innovasjon Norge. Timberlid oppmuntra til at ein ikkje må la seg skremme av desse endringane, men gripe moglegheitene som dei er med på å skape.

Avslutningsvis oppfordra ho dei frammøtte til å delta på dei kursa som Innovasjon Norge arrangerer for gründerar og etablerte bedrifter. Frå idé til marknad som arrangerast hos Aksello den 20. mars, og kurs i styreutvikling, innovasjonsleiing og samfunnssansvar med samling i Loen 27.-28.februar og Førde 9.-11.april. 

 

Ordet Fritt

Frukostsamlinga vart som vanleg runda av med ordet fritt.

Gro Rukan introduserte Linda Hovland som no tek over stafettpinnen som dagleg leiar i Framtidsfylket etter Gro. Karrieremessa som dei arrangerer er ein fantastisk arena for å vise fram alle dei spennande moglegheitene som finst i fylket vårt, og dei oppfordra næringslivet til å melde seg på karrieremessa i Bergen 13. februar.

Neste frukostmøte

Neste frukostmøte vert 1. mars. Vi håpar å sjå dykk alle der og ver gjerne tidleg ute med å melde deg på. Om du ikkje allereie mottek invitasjon og nyhendebrev frå oss, så kan du melde deg på mottakarlista vår her.