Idélab Aksello

Peter Hollevik (18) frå Florø held på å utvikle ein digital plattform som skal gjere det mogleg for alle som vil å dra på språkreise.

– Visste du at norsk er blant dei mest lærte språka i Duolingo?, spør han engasjert.   

– Tenk deg at du sit her heime i Norge og har veldig lyst til å lære deg spansk, medan Frida i Colombia ynskjer å lære seg norsk. Gjennom Orenda kan dei verte ein match der dei kan reise, bu hos kvarandre og utveksle språk utan at det vil koste for mykje. Tanken er at dei byttar med det dei har; ein plass å bu, lokal kunnskap og gjestevenskap. Slik lærer dei seg både språket og kulturen å kjenne, forklarar han.

Plattformen vil mellom anna bruke algoritmer for å skape best mogleg match basert på interesser. Idéen fekk Hollevik medan han sjølv var på utveksling hos EF Academy i Oxford i England.

– Då eg studerte der la eg merke til at fleirtalet av dei som var på språkutveksling kom frå vestlege land. Om dei kom frå andre kontinent som var underrepresenterte, til dømes Asia og Afrika, så var dei blant dei rike. Draumen min er at alle i heile verda skal ha moglegheit til å reise på språkutveksling, fortel Hollevik.

Under utvikling

Tilbake i Norge er han komme godt i gang med utviklinga av Orenda, som han starta saman med studiekameraten sin Adam Abu Ras under utvekslinga. Samstundes som han går siste året i studiespesialisering på Flora Vidaregåande skule er han med i Aksello sin idélab for å realisere draumen.

– Det krev utruleg mykje eigen innsats å skape noko, og vi har gjort utruleg mykje sjølv. Aksello har vist oss vegen. Dei er fantastiske motivatorar, veldig profesjonelle og gir kloke råd. Dei har eit utruleg godt nettverk og har hjelpt oss å finne ein programmerar til prosjektet vårt. I tillegg har dei også hjelpt oss å søkje om midlar til prosjektet.   

Orenda har fått 100 000 kr i støtte frå Kommunalt Næringsfond og håpar å få med seg fleire støttespelarar og investorarar på laget.

– Framover vil vi nå ut til investorar for å fullt oppnå potensialet i prosjektet og utvikle idéen vår vidare. Programmeringa er allereie sette i gang og vi håpar å ha produktet klart for marknaden om kort tid, seier han.

Gründar og student: Peter (18) utviklar Orenda i idélab samstundes som han går siste året på Flora Vidaregåande skule.

Følg draumen din

Orenda har vore med i idélab i to månader og skal no inn i ei ny fase der dei skal teste ut om idéen er klar for inkubator. Eit av krava er at idéen må ha potensiale for internasjonal vekst, noko Hollevik har trua på at den har.

– Vi ser eit kjempepotensiale til å skalere og nå ut internasjonalt.

– Kva råd har du til andre som går rundt og tenkjer på å starte noko sjølv?

– Ikkje la det bli verande med draumen, men set i gang!

Realiser din idé!

Aksello har ansvar for Flora kommune si næringsutvikling. Det betyr at om du er busett i Flora Kommune kan du få gratis kontorplass hos Aksello i inntil tre månadar, samt rettleiing og svar på dei spørsmåla du lurer på i forhold til å starte eige selskap. Er du frå ein annan kommune? Høyr med din kommune om eit liknande tilbod for første fase. På Driftig.no finn du ei oversikt over nettverket i Sogn og Fjordane.  

Om du er godt i gang med din idé, den har ei høg innovasjonsgrad og eit internasjonalt potensiale, kan du søkje om opptak i vår inkubator. Inkubatortilbodet hos Aksello er opent for alle som held til i Sogn og Fjordane. Les meir om inkubatortilbodet vårt her. 

Er du i startfasen? Slik går du fram:

1. Fyrste møte, uforpliktande og gratis. Du tek kontakt med Aksello, og presenterer din idé
2. Vi gjer ei vurdering av idé/konsept, og finn saman med deg eit forslag til ditt neste steg
3. Om idélab er aktuelt, vil du få tilbod om å bli idélab-verksemd

I idélab får du mellom anna  hjelp til å velje selskapsform, utvikle ein solid forretningsmodell og marknadsføringsstrategi, skaffe finansiering og komme i kontakt med dei rette personane.

Aksello har tru på at det å vere ein del av eit innovativt miljø vil gjere det lettare for deg å realisere din idé. Du må vere klar til å gjere jobben, medan vi rettleiar deg på vegen.

Les meir om å starte eiga bedrift