Har du ein idé?

Finansering | Aksello

Leif A. Stavøstrand med bedrifta Evoy AS hos Aksello.

Har du ein forretningsidé og ynskjer å starte di eiga bedrift?
Har du vilje og moglegheit til utvikling og vekst?
Ynskjer du råd og rettleiing til korleis du bør gå fram?

Svarer du ja på desse spørsmåla er du på rett plass.

Aksello kan tilby følgande:

  • Rettleie og bistå deg i vurdering av din idé
  • Veiledning i etableringsfasen til mellom anna marknadskartlegging, forretningsmodellering, kurs og finansiering
  • Kontorplass for gründerar og etablerarar – i eit opent landskap
  • Kontaktskaping og nettverk

Aksello er Flora Kommune sitt næringsapparat og for deg som er busett i kommunen er det mogleg med gratis kontorplass i inntil 3 månadar og veiledning gjennom førstelinjetenesten. Du må som gründer vere førebudd på å jobbe mykje for å nå målet ditt.

Målet vårt er å gjev din idé det beste grunnlaget for å lukkast.

Ta kontakt med oss om du har ein idé

Ver klar til samtale med rettleiaren.

TENK GJENNOM;

1. Kva er ideen din?
Prøv å formulere idéen i ein kort setning.

2. Kven er målgruppa?
Tenk over kva behov målgruppa har, og korleis du vil løyse det.

3. Kva kunnskap har du?
Lag ei  liste over utdanning, kurs, erfaring eller tidlegere jobbar.

4. Kva er avgjerande?
Lag ei liste over kva som er mest viktig for realisering av idéen i den fasen du er i no (kurs, nettverk, finansiering).

Følg Aksello på Facebook