Styret i Aksello er ei viktig brikke i arbeidet for nyskaping og næringsutvikling. Næringslivet sitt behov for å oppnå berekraftig verdiskaping ligg styrerepresentantane nært. Styret er samansett i frå ulike delar av næringslivet og nyttar si erfaring for å sikre at Aksello leverer best mogleg støtte og tenester til både eksisterande og nystarta bedrifter og finn gode strategiar for å nå Aksello sin visjon; bidra til å skape og sikre arbeidsplassar.
Styret vårt består i dag av Mikael Johansen (styreleiar), Katrine Dale (nestleiar), Ola Teigen, Marita Jarstad, Vegard Saur, Atle Isaksen og Silje Sunde. Hans Inge Gloppen og Øyvind Bang-Olsen er observatørar.
I tillegg til det vanlege styrearbeidet, har styremedlemmane i Aksello sitt styre i oppgåve å gjere opptak av nye inkubatorbedrifter. Bedriftene som har moglegheit til å få støtte gjennom inkubatorprogrammet får moglegheita til å presentere seg og sin forretningsidé til styret. Dette er ein fin måte for inkubatorbedriftene og lære å kjenne nettverket og ressurspersonane som sit i styret, samstundes som styret får god kjennskap til forretningsideane som Aksello jobbar vidare med gjennom inkubatorprogrammet. Også dei enkeltståande prosjekta som Aksello vel å ta vidare, kjem ofte opp og fram gjennom styret.
Ved årets generalforsamling vart det valt inn tre nye styremedlem: Marita Jarstad, som er Leder subsea og prosjekt i Fjordbase, Vegard Saur, som er spesialrådgiver Innovasjon i Siva og Silje Sunde, som er Leder Prosjekt Konsern i Nor Tekstil. Vi gler oss stort over å ha fått Jarstad, Saur og Sunde med på laget, og ser fram til å nytte deira kompetanse og nettverk i det viktige arbeidet framover.
Vi vil takke Ragnar Waalen, Stig Førde og Kari Bjørbæk som gjekk ut av styret ved generalforsamling i år. Ragnar Waalen som er senior rådgiver i Siva har vore i styret til Aksello sidan 2017. Stig Førde som er administrerande direktør ved Fjord Base har vore styrets nestleiar dei siste 2 åra og gjekk av no etter 4 år i styret. Kari Bjørbæk som er Equinor sin forsyningssjef i Florø har vore i styret i 2 år.
Vi har mange spanande prosjekt på gong og ein utruleg fin og innovativ gjeng i inkubatorprogrammet. Med så dyktige og engasjerte personar med lang erfaring og så mykje kompetanse med oss i styret i tillegg, er Aksello godt rusta til å ta vidare oppgåva om å skape og sikre berekraftig verdiskaping i vår region inn i framtida.