Skip to content Skip to footer

Ny programansvarleg i Aksello

Særleg utvikling og nytenking innan berekraft synest eg er spennande å jobbe med. I Aksello har vi mykje å gjere heile tida, og søker mot å finne gode og innovative løysingar på nye utfordringar Dette er veldig inspirerande å jobbe med, seier Ingunn Eide (33). Ho er ny programansvarleg for inkubatoren i Aksello og begynte i jobben 22. mai.
Jurist med allsidig erfaring

Ingunn Eide er frå Rutledal i Gulen kommune. Ho har mastergrad i rettsvitenskap frå Universitetet i Bergen og har spesialisert seg innan kontraktrett, med spesielt fokus på fabrikasjons- og enterprisekontrakter. Dette er standardkontrakter som ein brukar i fleire bransjar. Denne kompetansen er alltid nyttig i næringslivet, seier ho. 

Etter studiane begynte ho som lektor ved Bergen private gymnas, der ho underviste i rettslære og andre fag. Så vende ho heimover og arbeidde ei tid i Gulen kommune som plankonsulent. Deretter flytta ho attende til Bergen som jurist ved Havforskningsinstituttet. Her jobba ho med kontraktinngåing- og oppfølging, samt offentlege innkjøp. Seinare var ho tilsett som jurist i Inventura, eit konsulentfirma som jobbar opp mot større innkjøp for offentleg og privat sektor. No sist kom Eide frå stillinga som jurist for Statsforvaltaren i Vestland, ved landbruksavdelinga i Førde.

Spennande stilling

Aksello er ein kjempespennande arbeidsstad med mange ulike aspekt. Jobben krevjar at ein har innblikk i, og er oppdatert på forskjellige fagområde. Då eg kom i kontakt med dagleg leiar Lone Bareksten, skjønte eg at dette var ein jobb som opna for spennande og framtidsretta moglegheiter ein vanskeleg kan finne andre stader. Det tverrfaglege miljøet på arbeidsstaden, kombinert med inkubatornettverket på fylkes- og landsbasis gjev ein unik moglegheit for utvikling. Næringsutvikling er eit område i rask vekst og forandring. Det lydde så spennande og appellerte slik til meg at eg hoppa på då eg fekk sjansen.

Ingunn Eide overtek mange av dei oppgåvene som Vanja Viken har hatt i Aksello i mange år. Tidlegare inkubatorleder Vanja Viken går over i rolla som Senior forretningsutviklar og ser fram til å bistå utvikling av nye berekraftige oppstartsbedrifter.

Vanja Viken
Det er fantastisk kjekt å få Ingunn på plass! Vi har jobba med kompetansekartlegging i Aksello for å sjå korleis vi best kan utfylle teamet og kompetansen vår og utføre den jobben vi skal på ein optimal måte. Ingunn med sitt engasjement, nysgjerrigheit og gode kompetanse traff blink hjå oss. No er vi eit komplett og godt rusta team, som saman med våre innleigde prosjektleiarar og rådgjevarar leverer gode tenester for nyskaping og næringsutvikling.
Lone Bareksten
Lone Bareksten
Dagleg leiar
Verksemder i Inkubatoren

I inkubatoren får gründerar og etablerte bedrifter i regionen tilgang til eit sosialt og fagleg miljø der nyskaping og vidareutvikling er i fokus. Målgruppa til inkubatoren er nyskapande gründerar og bedrifter med vekstpotensiale.

I inkubatoren får gründerar og etablerte bedrifter i regionen tilgang til eit sosialt og fagleg miljø der nyskaping og vidareutvikling er i fokus. Målgruppa til inkubatoren er nyskapande gründerar og bedrifter med vekstpotensiale.

Målet er å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og overlevingsevne i bedriftene.

Kontakt Programansvarleg Ingunn Eide om du vil vite meir om våre tilbod.

Ingunn Eide

Inkubatorleiar

Tekst: Magnus Helge Torvanger.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet