Skip to content Skip to footer

Fagleg og sosial inkubatorsamling

Torsdag den 1. og Fredag den 2. juni arrangerte Aksello samling for deltakarane i inkubatorprogrammet. 

inkubatorprogrammet får gründerar og etablerte bedrifter tilgang til eit fagleg og sosialt miljø der nyskaping og vidareutvikling er i fokus.

Å samle deltakarane i inkubatorprogram er viktig, då vi ser verdien av å treffe andre selskap som er i same situasjon, og ein kan dele erfaringar, nettverk og avdekke potensielle samarbeid. Slike møteplassar gjev synergiar der ein får moglegheita til å  hente inspirasjon og læring frå kvarandre. Slik kan inkubatorbedriftene våre bygge eit særdeles viktig nettverk. 

Under denne samlinga fekk  vi løfta blikket og sette merksemd på korleis ein kan arbeide ilag med investorer, viktigheita med kommunikasjon og kommunikasjonsstrategi.  Gjennom desse to dagane med fagsamling fekk vi ‘løfta blikket’ og fekk jobbe godt saman med flinke og motiverande foredragsholdarar.

Dag 1 starta med ein runde om kvar kva enkelete inkubatorverksemd jobbar med og ein “3/3”, altså dei 3 viktigste aktiviteter i dei siste 3 månader. Vidare blei det Alumni corner med Knut Eikeland og Bulandet miljøfisk, deretter avslutta vi det faglege innhaldet med Innovasjons Norge v/Per Arve Frøyen som gav gode innblikk i deira nye finansieringsordningar. 

Det sosiale aspektet er ein viktig del av inkubatorsamling. Etter fagleg samling torsdag gjekk vi ned til kaia på Amfisenteret der Fjordguiding tok oss med på opplevingar i skjærgården rundt og i Florø. Båtturen vart etterfølgt av ein pizza i sola på Hjørnevikbua.

Dag 2 starta med workshop, leie av med Frode Nybø frå Nybø Konsult. Her fekk inkubatorbedriftene ei god arbeidsøkt med fokus på at teknologimodenheit blir ofte målt på en TRL-skala (technology readiness level). Ulike TRL-nivå kan mellom anna gi moglegheit til å søke ulike støtteordningar. No er også liknande skalaer for «Forretningsmodell» og «Bærekraft» aktuelle å involvere av bedriftsutvikling.
Til slutt fekk vi ein lærerik gjennomgang av kommunikasjon og kommunikasjonsstrategi v/ Jannicke Lindvik, konserndirektør kommunikasjon hos Sogn og Fjordane Energi . Lindvik losa oss gjennom ein spennande workshop om krisehendingar og kommunikasjonstrategiar.

Kurs og workshop vart gjennomført på Comfort Hotell Florø, som leverte god mat og god service. 

Deltakande bedrifter: 

Ytri AS
Helse Først AS
Retrams AS
Safe Storage AS
Helinor Energy 
Sundal Kompetanse AS
Thalasso  AS og Thalasso AS- Biotech

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet