Aksello Frukostsamling torsdag 2. desember – Hyllestad-prosjektet, FIN vs. Kinn kommune, Arez og nytt vekstprogram
Aksello inviterer til frukostsamling torsdag den 2. desember. Det blir som vanleg i våre lokale i Peak Florø.
Vi startar med frukost kl. 07.30, og så vert det interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00. Deretter vert det ein kort visning i det nye, flotte inkubatorområdet vårt i Peak Florø.
Vi har denne gongen følgande program:
- Kort oppsummering etter møtet med Flora industri- og næringsforening om rammevilkåra for næringsutvikling v/Rolf Bjarne Sund og Arve Klokk frå Kinn kommune
- Korleis gjekk det med Hyllestad-prosjektet, der 100 Havyard-tilsette stod i fare for å verte oppsagde? v/prosjektleiar Arne Olsen
- Presentasjon av det nye selskapet Arez AS v/Erlend Hatleberg
- Nytt prosjekt: “Grøn vekst for etablerte bedrifter” v/prosjektleiar Trond Økland
- Anna nytt frå Aksello v/Lone Bareksten
- Ordet Fritt
- Visning av det nye inkubatorområdet i Peak Florø
Innovasjon Norge vil være til stades på Frukostsamlinga. Dei vil også være tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte med dei, så send ei melding til arne@aksello.no.
VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!
Meld deg på HER !