Verdas største dugnad flyttar inn

TV-aksjonen: Rådgjevar Heidi Felle og fylkesaksjonsleiar Martin Malkenes oppfordrar alle til å vere med å følge eit barn til skulen.

 

Martin Malkenes frå Florø er fylkesaksjonsleiar for TV-aksjonen i Sogn og Fjordane og flyttar inn hos Aksello for å jobbe med aksjonen til den går på lufta 22. oktober.

– TV-aksjonen er verdas største dugnad og ei hending som har lange tradisjonar i Noreg. Eg håpar årets TV-aksjon vidarefører tradisjonen, og at vi nok ein gang kan vise verda at vi vil hjelpe der dei treng det. Eg vil i alle fall gjere mitt for at vi skal få ein feiande flott TV-aksjon i Sogn og Fjordane og eg oppmodar alle til å bidra, seier Malkenes engasjert.

Som fylkesaksjonsleiar er Malkenes ansvarleg for koordinering, tilrettelegging og gjennomføring av bøsseinnsamlinga i Sogn og Fjordane.

– Hovudoppgåva blir å sjå til at vi får nok bøsseberarar. Det skjer til dømes gjennom å bidra til at TV-aksjonskomiteane i kommunane får den hjelpa dei treng, og inspirere lag og organisasjonar til å bidra, forklarar han.

Aksello sitt bidrag til årets TV-aksjon er å huse Malkenes sitt viktige arbeid fram mot TV-aksjonen.

– Eg har diskutert ulike prosjekt med Aksello og visste litt frå før om korleis dei nyttar lokalene for gründerar og andre og tenkte at dei kanskje hadde plass til Unicef og TV-aksjonen. Det hadde dei, og det er stas, fortel Malkenes.

– Det er kjekt å kunne vere med å bidra til slik ei god sak, understrekar Heidi Felle, rådgjevar hos Aksello.

– Kva fordelar ser du ved å vere ein del av kontorfellesskapet og miljøet her?

– Først og fremst er det det sosiale. Det er stor forskjell mellom Aksello og heimekontor. I tillegg skjer det mykje spennande hos Aksello og ein treffer mange forskjellige folk som kanskje kan bidra på ein eller annan måte i min jobb, så kan eg kanskje bidra i deira, avsluttar Malkenes.

 

Årets TV-aksjon:

TV-aksjonen 2017 går til UNICEF og skal gi barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan tilgang på læring. Aksjonen arrangerast søndag 22. oktober.

Eit av fem barn i krigs- og konfliktområde står i dag utan skulegang. UNICEF arbeider hardt og målretta for at barn ikkje skal få øydelagt framtida si på grunn av vaksne sine krigar og konfliktar. Skulegang gir barn som lever i konfliktområde moglegheit til å lære, leike og å vere saman.