Etablerarkurs innvandrarar, Aksello, KF Innvandrarsenteret

VELLYKKA PILOTPROSJEKT: Etablerarkurset for innvandrarar starta som eit pilotprosjekt med i alt 12 deltakarar. Med fornya støtte vert kurset no utvida og opent for fleire gründerspirer. Foto: Steinar Lote / NRK

 

Aksello og KF Innvandrarsenteret har fått fornya støtta frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) til ei ny runde med etablerarkurs for innvandrarar. Tilbodet er eit samarbeid mellom Innvandrarsenteret og Aksello som i fjor gjennomførte eit vellykka pilotprosjekt med tilskot frå IMDI på kr. 50 000. I år har dei tildelt prosjektet det dobbelte.    

–   Vi er veldig glad for den tilliten som Integrerings- og mangfoldsdirektoratet viser oss og Innvandrarsenteret ved å auke tilskotet. No kan vi fortsette arbeidet med etablerarkurset og utvide tilbodet til innvandrarar, fortel Heidi Felle, som er rådgjevar hos Aksello.  

I fjor vart etablerarkurset gjennomført som ein del av introduksjonsprogrammet til innvandrarar i Flora kommune og det vil det framleis vere. I tillegg vil kurset vere opent for alle med innvandrarbakgrunn som er interessert i å starte si eiga bedrift.

Håpar mange vil delta

– Det som også vert annleis i år er at vi vil arrangere kurset på kveldstid i Aksello sitt lokale. Då kan dei som har skule og jobb på dagtid også vere med, og vi håpar at det vil gjere det mogleg for fleire å delta, seier Felle.  

Ved å halde undervisninga her på huset får deltakarane også moglegheit til å verte betre kjend med Aksello og gründermiljøet vårt.

Vegen til oss vert kortare og det vert gjerne lettare for dei å ta kontakt med oss når kurset er ferdig. Målet er at dei skal verte ein del av det aktive gründermiljøet vårt og at dette vert eit positivt tilbod som kan bidra til fleire etableringar blant innvandrarar, utdjupar Felle.  

Aksello ynskjer no å komme i kontakt med innvandrarar som vil delta på kurset.

Gründersamling

– Før sommaren vil vi arrangere ei samling der vi vil orientere om etablerarkurset og tilbodet. Alle som er interessert i å høyre meir er hjarteleg velkomne. Vi vil også invitere erfarne gründerar med innvandrarbakgrunn som kan dele frå sine erfaringar, og håpar at mange vil komme for å få info, inspirasjon og stifte nye kjennskap, avsluttar Felle.

Vi kjem tilbake med meir info når vi har ein dato for samlinga. Følg gjerne nyhendebrevet vårt her slik at du får siste nytt frå Aksello direkte i din innboks.

 



Er du interessert i å delta på etablerarkurset for innvandrarar?

Ta kontakt med Silje Jansen Nybø på 913 50 424 eller siljejansen.nybo@flora.kommune.no.

 

Les også: Vellykka gjennomføring av etablerarkurs for innvandrarar

Og sjå reportasja frå NRK der deltakar Khalouf Almoadal fortel om sin gründerdraum: 

Draumen er å starte kaffibrenneri i Florø