Innlegg

Nytt kapittel for Pelagia-anlegget sikrar viktige arbeidsplasser

Global Fish har inngått avtale om kjøp av Pelagia sitt anlegg i Gunhildvågen i Florø. Det markerer slutten på eit langt arbeid, der vi i Aksello har bidrege saman med ordførar Ola Teigen.

Etter at Pelagia i oktober 2016 tok si avgjerd om å legge ned aktiviteten ved anlegget i Florø, ga Flora kommune i oppdrag til Aksello å skaffe ny aktivitet til anlegget.

– Vi kan ikkje sitte stille og sjå på at 50-60 arbeidsplassar berre forsvinn ut av vår kommune over natta, sa ordførar Ola Teigen den gong.

Aksello har hatt kontakt med mange potensielle kandidatar, innanfor havbruk, kvitfisk og anna havromsaktivitet. Steinvik Fiskefarm peika seg tidleg ut som ein god kandidat, og dei inngjekk ein intensjonsavtale i 2017. Denne vart imidlertid aldri realisert, og då måtte ein gå vidare med andre kandidatar.

– Løysinga med Global var ikkje blant dei vi jobba med, i og med at pelagisk verksemd var «no-go». Men når Pelagia og Global no er einige, skal vi berre vere glade for at anlegget no vert tatt i bruk igjen, seier seniorrådgjevar Arne Olsen i Aksello, som har leia arbeidet frå Aksello si side, og legg til:

– 50 nye arbeidsplassar er ikkje noko å kimse av i våre dagar. Og lokale eigarar, lokal verdiskaping, og store ringverknadene i form av bygningsmessige arbeider, andre forsyningar, hamneavgiftar og ikkje minst sal av vatn er alle faktorar som gjer at vi trygt kan seie: «Ei skikkeleg god løysing».