Innlegg

Foto: David Bowen, Black Star Journal

I 2017 fekk Aksello inn 25 søknadar om midlar frå Kommunalt Næringsfond. 19 av desse fekk løyva midlar til prosjekta sine, og ein av dei heldige var Vesle Kinn.

Vesle Kinn er ein ølkafé som vart opna i 2017 og er eit samarbeid mellom Kinn Bryggeri og Lille Marked. På kort tid har den blitt eit trekkplaster i Strandgata i Florø, og på Facebook vert Vesle Kinn rata med 5 stjerner basert på 115 omtaler.  Allereie etter litt over 1 år i drift har Vesle Kinn skapt 1,5-2 årsverk fordelt på 8 tilsette.

Lokalet som Vesle Kinn held til i er det same som Kinn Bryggeri starta sitt eventyr i i 2009. Etter kvart som salsvolumet auka, måtte dei flytte inn i eit større lokale. Det gamle lokalet vart nytta til eksperimentering av nye ølsortar og det vart fundert på kva ein kunne gjere for å nytte heile potensiale til lokalet. Etter ein samtale mellom Espen Lothe frå Kinn Bryggeri og Eirik Villand frå Lille Marked, kom dei fram til at dei ville starte ein bar med fokus på Kinn øl.

I følgje dagleg leiar Eirik Villand var målet med Vesle Kinn å fokusere på kvalitet, eit lokale som skil seg ut frå andre uteplassar i Florø ved å ha eit urbant preg på interiøret og ved å arrangere ulike temakvelder som er attraktive for målgruppa på 25 år og oppover.

– Vi hadde eit ynskje om å tiltrekkje oss eit anna publikum enn dei andre uteplassane i Florø. Dei som tidlegare kanskje ikkje har funne sin plass ute på byen, fortel Villand.

Foto: Tarjei Langeland

Vesle Kinn har mottatt 150.000 kr frå Kommunalt Næringsfond på det grunnlag at dei hadde eit nytt konsept som ikkje eksisterte i Florø frå før. Dei hadde ikkje eit ynskje om å konkurrere med dei eksisterande tilboda, men heller komplettere desse, og i samarbeid vere med på å skape eit levande Florø sentrum. Det at Vesle Kinn har valt å stengje kl. 24.00 fredag og laurdag, kan auke pågangen til dei andre uteplassane i Florø etter stengetid, spesielt Hjørnevikbua som ligg rett over gata og held open til kl. 02.00. Arrangement som «bli kjend-kveld på Vesle Kinn» kan bidra til at det blir meir attraktivt for tilflyttarar, heimflyttarar, men og innbyggjarar.

Foto: Jannicke Skorpeide

Det at viktige aktørar som Kinn Bryggeri og Lille Marknad inngjekk eit samarbeid for å skape eit konsept som ikkje eksisterte i Florø frå før, talte positivt for ein stønad til Kommunalt Næringsfond. Mykje kan skapast av å samarbeide med andre aktørar for å gi eit best mogleg tilbod som aukar trivselen og attraktiviteten i kommunen, utan å konkurrere ut eksisterande tilbod.

Stønaden frå Kommunalt Næringsfond var avgjerande for oss fordi det gjorde det lettare å skaffe nok finansiering frå banken til å starte, utan at vi sjølve måtte ta opp alt i lån og ta pant i privat eigedom, seier Villand.

Etter sitt første driftsår kan Vesle Kinn vise til eit lite overskot. Det er fortsatt positive utsikter for bedrifta og det blir stadig vekk diskutert nye ting som kan leggast til konseptet Vesle Kinn. Vi er spente på kva framtida bringer og ynskjer dei lykke til vidare.

Ynskjer du å søkje Kommunalt Næringsfond?

Det er fortsatt midlar igjen frå Kommunalt Næringsfond og du kan søke gjennom  www.regionalforvaltning.no.

Ta kontakt med rådgjevar Trine Vederhus, på trine@aksello.no om du har spørsmål og ynskjer meir informasjon.

Ynskjer du å starte di eiga bedrift eller har du ein forretningsidé som du drøymer om å sette ut i livet? Det er spennande og givande å vere gründer, men du møter også på mange utfordringar når du startar for deg sjølv.

Hos Aksello får du gratis rettleiing og svar på dei spørsmåla du lurer på. Vi hjelper deg mellom anna med å velje selskapsform, utvikle ein solid forretningsmodell og marknadsføringsstrategi, skaffe finansiering og setje deg i kontakt med dei rette personane.

Frå og med juni 2018 tilbyr Flora kommune gratis kontorplass hos Aksello til nye gründarar i kommunen. Tilbodet gjeld plass i opent kontorlandskap i inntil tre månader slik at du kan planlegge oppstarten av di bedrift. Vårt flotte lokale er opent 08.00-16.00 måndag til fredag, og er eit godt og sosialt nyskapingsmiljø der du får arbeide tett saman med din rettleiar og andre gründerar.

Aksello er Flora kommune sin førstelinjeteneste og vi hjelper deg i gang!

Kontakt oss

Global Fish har inngått avtale om kjøp av Pelagia sitt anlegg i Gunhildvågen i Florø. Det markerer slutten på eit langt arbeid, der vi i Aksello har bidrege saman med ordførar Ola Teigen.

Etter at Pelagia i oktober 2016 tok si avgjerd om å legge ned aktiviteten ved anlegget i Florø, ga Flora kommune i oppdrag til Aksello å skaffe ny aktivitet til anlegget.

– Vi kan ikkje sitte stille og sjå på at 50-60 arbeidsplassar berre forsvinn ut av vår kommune over natta, sa ordførar Ola Teigen den gong.

Aksello har hatt kontakt med mange potensielle kandidatar, innanfor havbruk, kvitfisk og anna havromsaktivitet. Steinvik Fiskefarm peika seg tidleg ut som ein god kandidat, og dei inngjekk ein intensjonsavtale i 2017. Denne vart imidlertid aldri realisert, og då måtte ein gå vidare med andre kandidatar.

– Løysinga med Global var ikkje blant dei vi jobba med, i og med at pelagisk verksemd var «no-go». Men når Pelagia og Global no er einige, skal vi berre vere glade for at anlegget no vert tatt i bruk igjen, seier seniorrådgjevar Arne Olsen i Aksello, som har leia arbeidet frå Aksello si side, og legg til:

– 50 nye arbeidsplassar er ikkje noko å kimse av i våre dagar. Og lokale eigarar, lokal verdiskaping, og store ringverknadene i form av bygningsmessige arbeider, andre forsyningar, hamneavgiftar og ikkje minst sal av vatn er alle faktorar som gjer at vi trygt kan seie: «Ei skikkeleg god løysing».