Innlegg

Frukostgjengen: Arne Olsen (Aksello), Peter Grinde Hollevik (Orenda), Hans Haddal (Bulandet Miljøfisk), Randi Solheimsnes (DNB) og Linda Hovland (Framtidsfylket). 

På siste Frukostsamlinga før jul fekk vi høyre frå ferske og erfarne gründerar, Orenda og Bulandet Miljøfisk, om Framtidsfylket si rekruttering av smarte hovud til Sogn og Fjordane, og finansieringsmoglegheiter hos DNB.

Orenda

Den nyaste bedrifta i Aksello sin stall var først ut og Peter Grinde Hollevik presenterte idéen Orenda med stor entusiasme. Plattformen han planlegg saman med tidlegare studiekamerat Adam Abu Ras skal gjere det enklare og billegare å reise på språk- og kunnskapsutveksling. I staden for å tilby dyre utvekslingspakkar vil dei byggje ein app der folk kan bruke ferdigheter, kunnskap og losji som valuta.

– Vi ynskjer at fleire skal ha moglegheiten til å reise på utveksling, ikkje berre dei rike, seier Peter engasjert.

– Orenda vil vere med å gi folk forståelse og interesse for andre kulturar, og bryte ned kulturelle barrierer.

Etter nokre månader i idélab hos oss er Orenda no inne i ein fase der dei skal teste ut om konseptet er klart for inkubator. Med støtte frå Kommunal Næringsfond har dei fått moglegheit til å tilsette ein teknisk ansvarleg (CTO) som skal utvikle appen. Marknadsavklaringa dei har utført viser ei stor global interesse for tilbodet, så det vert spennande å følgje denne unge bedrifta vidare.

Bulandet Miljøfisk

Peter fekk positivt respons på presentasjonen sin frå neste foredragshalder, styreleiar Hans Haddal frå Bulandet Miljøfisk.

– Denne måten å lære på er framtida, og Peter er mannen til å selje det, rosa han.

Bulandet Miljøfisk er som mange kjenner til med i inkubator hos Aksello og har presentert seg på frukostmøtet tidlegare. Denne gongen var Hans med for å fortelje om det siste som skjer og rører seg hos inkubatorbedrifta som skal takle miljø og – vekstutfordringane som oppdrettsnæringa står ovanfor. Dette skal dei gjere med eit landsbasert anlegg på Bulandet.

– Vi ser at her er fleire og fleire nye planer for landbaserte oppdrettsanlegg som er inspirert av Buland-modellen og vil byggje ned i grunnen for å gjere det meir energieffektivt. Dette er ein god indikasjon for oss som viser innovasjonshøgda i prosjektet vårt.

Hans tok også publikum med inn i den neste konkrete fasen til prosjektet: eit pilotanlegg som dei planlegg å byggje og setje i drift neste år.

Framtidsfylket

Linda Hovland presenterte Framtidsfylket og viste korleis dei arbeider for å skape vekst og verdiskaping gjennom å rekruttere kompetent arbeidskraft til fylket. Dette gjer dei mellom anna gjennom godt etablerte verktøy som karrieremessa, trainee-ordninga og nettportalen deira.

– Vi legg vekt på det som skil oss frå andre for å finne dei rette folka som vil komme å busette seg og jobbe i Sogn og Fjordane.

Då er det viktig å vise til alt det fantastiske som skjer i næringslivet og alle tilboda som finst på fritida poengterte ho, og på nettportalen deira synleggjer dei nettopp dette gjennom å dele gode historier. Samstundes publiserer dei også jevnlig artiklar om spennande ledige stillingar i fylket, og det har bidratt til ein kjempevekst i besøkjande på nettsida.

– Her er det også moglegheit for bedrifter å bli meir synlege ved å leggje inn ein bedriftsprofil og kople seg på vår CV-database, oppfordra Linda.

DNB – Vekstlån

Randi Solheimsnes frå DNB heldt innlegg om deira pilotprosjekt Vekstlån som er ein ny finansieringsmoglegheit for innovative bedrifter i vekst, fortrinnsvis innanfor teknologi. Meir info finn du her: https://www.dnb.no/vekst

– Om du går på “kven passer dette for” og kjenner deg igjen i beskrivinga, så er det berre å søkje, oppmuntra ho.

Dei fekk inn mange søknader allereie i første runde, og neste søknadsfrist er 20. januar 2019.

Ordet Fritt

Bjørn Lødemel, som gjekk inn i stillinga som ny dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd 1. desember, presenterte seg under Ordet Fritt. Han ynskte å gjere forsamlinga merksam på at dei er operative og klare til å ta i mot utfordringar frå næringslivet.

Bjørn Hollevik la ei utfordring på bordet, og det er at næringsrådet bør arbeide for å hindre vidare kommarsialisering av flyplassen i Florø og kommersialisering av Bringeland i Førde.

Neste Frukostsamling skjer første torsdag i februar 2019. Vi gler oss til å sjåast igjen og vil takke alle som har bidratt til at Frukostsamlinga har blitt til den gode møteplassen og inspirasjonsarenaen som den er.

Foto: David Bowen, Black Star Journal

I 2017 fekk Aksello inn 25 søknadar om midlar frå Kommunalt Næringsfond. 19 av desse fekk løyva midlar til prosjekta sine, og ein av dei heldige var Vesle Kinn.

Vesle Kinn er ein ølkafé som vart opna i 2017 og er eit samarbeid mellom Kinn Bryggeri og Lille Marked. På kort tid har den blitt eit trekkplaster i Strandgata i Florø, og på Facebook vert Vesle Kinn rata med 5 stjerner basert på 115 omtaler.  Allereie etter litt over 1 år i drift har Vesle Kinn skapt 1,5-2 årsverk fordelt på 8 tilsette.

Lokalet som Vesle Kinn held til i er det same som Kinn Bryggeri starta sitt eventyr i i 2009. Etter kvart som salsvolumet auka, måtte dei flytte inn i eit større lokale. Det gamle lokalet vart nytta til eksperimentering av nye ølsortar og det vart fundert på kva ein kunne gjere for å nytte heile potensiale til lokalet. Etter ein samtale mellom Espen Lothe frå Kinn Bryggeri og Eirik Villand frå Lille Marked, kom dei fram til at dei ville starte ein bar med fokus på Kinn øl.

I følgje dagleg leiar Eirik Villand var målet med Vesle Kinn å fokusere på kvalitet, eit lokale som skil seg ut frå andre uteplassar i Florø ved å ha eit urbant preg på interiøret og ved å arrangere ulike temakvelder som er attraktive for målgruppa på 25 år og oppover.

– Vi hadde eit ynskje om å tiltrekkje oss eit anna publikum enn dei andre uteplassane i Florø. Dei som tidlegare kanskje ikkje har funne sin plass ute på byen, fortel Villand.

Foto: Tarjei Langeland

Vesle Kinn har mottatt 150.000 kr frå Kommunalt Næringsfond på det grunnlag at dei hadde eit nytt konsept som ikkje eksisterte i Florø frå før. Dei hadde ikkje eit ynskje om å konkurrere med dei eksisterande tilboda, men heller komplettere desse, og i samarbeid vere med på å skape eit levande Florø sentrum. Det at Vesle Kinn har valt å stengje kl. 24.00 fredag og laurdag, kan auke pågangen til dei andre uteplassane i Florø etter stengetid, spesielt Hjørnevikbua som ligg rett over gata og held open til kl. 02.00. Arrangement som «bli kjend-kveld på Vesle Kinn» kan bidra til at det blir meir attraktivt for tilflyttarar, heimflyttarar, men og innbyggjarar.

Foto: Jannicke Skorpeide

Det at viktige aktørar som Kinn Bryggeri og Lille Marknad inngjekk eit samarbeid for å skape eit konsept som ikkje eksisterte i Florø frå før, talte positivt for ein stønad til Kommunalt Næringsfond. Mykje kan skapast av å samarbeide med andre aktørar for å gi eit best mogleg tilbod som aukar trivselen og attraktiviteten i kommunen, utan å konkurrere ut eksisterande tilbod.

Stønaden frå Kommunalt Næringsfond var avgjerande for oss fordi det gjorde det lettare å skaffe nok finansiering frå banken til å starte, utan at vi sjølve måtte ta opp alt i lån og ta pant i privat eigedom, seier Villand.

Etter sitt første driftsår kan Vesle Kinn vise til eit lite overskot. Det er fortsatt positive utsikter for bedrifta og det blir stadig vekk diskutert nye ting som kan leggast til konseptet Vesle Kinn. Vi er spente på kva framtida bringer og ynskjer dei lykke til vidare.

Ynskjer du å søkje Kommunalt Næringsfond?

Det er fortsatt midlar igjen frå Kommunalt Næringsfond og du kan søke gjennom  www.regionalforvaltning.no.

Ta kontakt med rådgjevar Trine Vederhus, på trine@aksello.no om du har spørsmål og ynskjer meir informasjon.

Færre enn 0.1% av alle nyetablerte bedrifter tener nok dei første tre åra til å dekkje sine eigne utgifter. Det seier Steinar H. Korsmo, president og CEO i Seed Forum. Han var invitert til å halde kurs for inkubatorbedriftene hos Aksello. Kurset skal gi kompetanseheving og trening på eit viktig område, og er finansiert av SIVA.

– Målet er å gjere dei «investor-klare». Det vil seie at dei skal kunne kommunisere eit klart og tydeleg bodskap til potensielle investorar, fortel Korsmo i Seed Forum.

Seed Forum, som opphaveleg starta i Norge, har over dei siste femten åra spreidd seg til over 60 land. Dei driv med kursing, men arrangerer også konferansar, og fungerer som ein møteplass for investorar og bedrifter.

Gründerane fekk opplæring i å halde eit seks minuttar langt «pitch», eit 30 sekundar «power-pitch» der dei på berre femten ord skulle forklare kva dei gjer og kvifor ein bør investere i bedrifta, og til sist, eit «impact-pitch»: Ei setning der målet rett og slett er å skape ein «Wow!»-reaksjon.

Finansering | Aksello
Leif A. Stavøstrand med bedrifta Evoy AS er ein av dei nyaste i inkubatoren.

Påfyll i verktøykassa

Leif A. Stavøstrand kom inn i inkubatorprogrammet 1.april i år med bedrifta Evoy AS, som skal levere elektrisk framdriftssystem til planande båtar. Sjølv om den tidlegare administrerande direktøren på Saga Fjordbase har mykje erfaring frå arbeidslivet meiner han at det er god bruk av tida.

– Det er bra at Aksello arrangerer dette. Det var flinke folk og eit godt opplegg, konstaterer han og legg til:

– Det var eit påfyll i verktøykassa for min del. Vi må vere flinke til å fokusere på det som er viktig og halde oss kortfatta når vi kommuniserer, og vi må tilpasse oss dei som vi snakkar med.

Ut av komfortsona

Njål Bragstad driv selskapet Updown Prosjekt AS som utviklar eit system for skrogreingjering for større skip som skal gi store innsparingar for internasjonale fartøy. Selskapet blei med i inkubatorprogrammet i desember i fjor og har mottatt tilskot frå Innovasjon Norge.

 

Eg kom godt ut av komfortsona. I inkubator-miljøet er det mykje innanfor maritime næring. Prosjekta er for borna våre å rekne. Nokre av prosjekta krev langsiktig kapital for å bli realisert, men vi er ein teknisk tung gjeng og det er viktig for oss å lære stammespråket og å forstå investorverda.

– Njål Bragstad, Updown Prosjekt AS.

Finansering | Aksello
Njål Bragstad frå Updown Prosjekt AS med dei andre i gruppa om korleis ein best kan ordleggje seg for å kommunisere bodskapen effektivt og klart.

Finansiering frå første dag

Korsmo vektlegg at det er essensielt å tenkje på finansiering frå første dag når ein startar eiga bedrift.

 

Dei aller fleste startar for seint og kjem på etterskot med finansieringa, og det får konsekvensar.

– Steinar H. Korsmo, president og CEO i Seed Forum.

 

Han trekker fram at det å kunne kommunisere kva verdidrivar bedrifta har er svært viktig om ein skal klare å hente inn midlar.

– Ein investor vil berre investere i ei bedrift om han eller ho ser at det er potensiale for vekst,  slår Korsmo fast.

Miljø og nettverk

Gjennom å arrangere kurs for gründerarar i inkubatoren ynskjer Aksello å vere med å skape eit miljø for læring og eit nettverk for finansiering, der innhenting av midler er ein viktig del.

– Hensikta er kort fortald å legge til rette for at selskapa lykkast med å skaffe kapital for å sikre framgang og vekst, påpeikar Vanja Viken, inkubatorleiar hos Aksello.

I samarbeid med inkubatoren i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, vil Aksello til hausten sette opp ein aktivitet for inkubatorselskapa i fylket, der dei vil få presentere seg for investorar og investormiljøa.

– Då vil dei som har vore med på dette vere best mogleg rigga til å presentere  forretningsideane sine, understrekar Viken.

Onsdagskveld var det mange som tok turen til Gründersamlinga hos Aksello for å få med seg inspirerande foredrag frå erfarne gründerar som kunne dele frå sine gründerreiser, og fortelje om korleis ein skaper si eiga bedrift. Det var utruleg kjekt å sjå at her var både faste besøkande og mange nye fjes blant dei frammøtte.

Trainee Trine Vederhus og rådgjevar Heidi Felle starta samlinga med ein kort presentasjon av Aksello og korleis vi jobbar tett med gründerar og etablert næringsliv for å løfte fram gode idéar. Deretter gjekk det slag i slag mellom spennande innlegg og suksesshistorier frå ulike bedrifter i Sogn og Fjordane.

Askvoll Sjømat og Delikatesser

Første bedrift på programmet var Askvoll Sjømat og Delikatesser v/ Helge og Inger Johanne Loftheim. Dei er begge utdanna kokkar, og kunne fortelje at det var ein ferie til Askvoll, heimbygda til Leif, som vart starten på deira gründerreise. Medan dei var der forelska dei seg i eit gammalt, falleferdig hus som dei såg nytt potensiale i: nemleg ein delikatessebutikk. Saman med bror til Helge, Eirik som også er kokk, kjøpte dei huset, slutta i jobbane sine og forlèt storbylivet i Oslo for å bokstaveleg talt byggje si eiga bedrift. For opp i det heile hadde dei eit stort renoveringsprosjekt framfor seg, og det vart lange dagar der dei måtte balansere tida si mellom jobb i den lokale barnehagen, oppstart og oppussing.

 

Eg hugsa at vi var godt slitne og utbrente på opningsdagen, men vi klarte å nå målet vårt allereie på første opningsdag og det var tre fulltidsstillingar.

– Inger Johanne Loftheim


LocalHost og Lefdal Mine Datacenter

At du må ha «guts», og tørre å satse som gründer, kom også godt fram i Sindre Kvalheim sin engasjerande presentasjon om LocalHost og IT-eventyret Lefdal Mine Datacenter – Nord-Europas største datasenter. Sindre, som starta si første bedrift når han var 19 år gammal og hadde selt tre bedrifter i ein alder av 25, hadde mange erfaringar å dele. Mellom anna kor viktig det er å byggje seg opp eit godt nettverk, inngå samarbeid med dei rette personane og skape eit dyktig team.

Gründersamling | Aksello

Villa Åmot

Gode samarbeidspartnarar var også eit av mange viktige stikkord i Steinar Sørli sitt innlegg. Han presenterte reiselivskonseptet Villa Åmot som han har skapt saman med ektemannen sin Yngve Brakstad på sitt barndoms ferieparadis, tante Rollaug sin gard i Bygstad. Steinar snakka om lokalmat som lokal verdiskaping, internasjonalisering og deira samarbeid med the Travel Designer for å nå ut til high-end marknaden.

Vi gjer som tante Rollaug, ynskjer gjestane velkommen, og gir dei ei ekte og autentisk oppleving av Norge.

– Steinar Sørli

Gründersamling | Aksello

Sparebanken Vest

Kjell Gunnar Lilleøren frå Sparebanken Vest heldt også innlegg for å informere om midlar frå Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane. Han fortalde mellom anna om kva dei ser etter, kva ein kan søke om og presenterte ulike suksesshistorier som dei har støtta. Stiftinga har nettopp hatt årets første søknadsrunde, og neste frist vert i september i år.

Gründersamling | Aksello

Mat og mingling

Kvelden vart avslutta med herleg mat laga av Askvoll Sjømat og Delikatesser og mingling. Vi håpar at alle gjekk heim med ny giv, inspirasjon og nye kjennskap! Det gjorde i alle fall vi, og vi ser allereie fram til neste samling.

Ynskjer du invitasjon til vår neste gründersamling?

Meld deg på nyhendebrevet til Aksello her.