Innlegg

Denne månaden gav vi tommel opp til fullt kurs i sosiale media! Takk til Linda Kragseth frå Keyteq som raust delte sine tips og triks med oss og takk til alle som kom! På kurset gjekk vi mellom anna gjennom korleis ein skil seg ut i den tettpakka nyheitsstraumen og kva algoritmar som påverkar synlegheita vår, og vi fekk ei innføring i annonsering, måling og analyse.

Kurset var arrangert av Driftig i Sogn og Fjordane og tilrettelagt av Aksello.

Driftig lovar fleire kurs i 2019, så følg med her: https://www.driftig.no/kurs

Ingvild Andersen seier at fylket vårt er verdsleiande når det kjem til mangfald og verdiskaping i næringslivet, men det er det mange som ikkje veit. Ho lærer stadig noko nytt om ting som skjer i fylket, og har lyst til å vite meir. No reiser ho på næringsturné for å bli betre kjend med næringslivet i Sogn og Fjordane. Første stopp er Aksello.

– Dette ynskje har eg faktisk hatt i to år. Sidan eg begynte i jobben min i Fylkeskommunen har eg hatt lyst til å reise på ein næringsturné for å bli betre kjend med næringslivet i Sogn og Fjordane, fortel Ingvild, rådgjevar for nærings- og kulturavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ingvild er opphavleg frå Oslo, har ein mastergrad i Innovasjon og Entreprenørskap får NMBU, og har tidlegare jobba som butikksjef for Norrøna. Då ho bestemte seg for å flytte til Sogndal i Sogn og Fjordane var det først og fremst naturen som lokka.

– Å kunne kombinere naturopplevingar med jobb var noko eg verkeleg hadde lyst til, seier ho.

Saman med kjærasten hadde ho besøkt Sogndal sommar og vinter for å sykle og stå på ski. Dei var sikre på å treffe mange andre med same interesser om dei flytta dit. Alle dei relevante jobbmoglegheitene kom derimot som ei positiv overrasking.

Verdsleiande næringsliv                                                                     

Jobbmoglegheitane i Sogn og Fjordane er noko vi må snakke meir om. Alt for få kjenner til at fylket er verdsleiande på fleire område i næringslivet. Og dessutan vil du som tilsett i ei bedrift her få meir ansvar og meir fagleg tyngde raskare enn i ei tilsvarande stilling i byane, understrekar ho.

For ei veke har Ingvild bytta ut kontorplassen sin i Leikanger med kontorplass hos Aksello for å bli betre kjend med næringslivet på kysten.

– Eg møtte Pixelwerk for første gang i dag og blei imponert over omfanget av oppgåver dei kan løyse med sin softwareutvikling. Dei begynte for nokre få år tilbake som eit fullproduksjonsselskap innan digitale, interaktive medieløysingar, design og såkalla «augmentet reality», men har no fått auga opp for havbruksnæringa og utviklar skreddarsydde verktøy til store kundar i denne bransjen, fortel Ingvild.

Angrar ikkje eit sekund

I tillegg til Pixelwerk har ho også besøkt elevar på Flora Vidaregåande skule som har entreprenørskap som valfag, NHO Vestlandet, og Maritim Forening Sogn og Fjordane. Før ho reiser heim rekk ho også ein tur til Fjordbase og INC Gruppen, og innimellom besøka er ho her på huset for å bli betre kjend med Aksello sine inkubatorbedrifter og gode naboar.

– Eg angrar ikkje eit sekund på at eg tok denne turen, seier ho entusiastisk og legg til: 

Det er utruleg verdifullt å komme seg ut og møte samarbeidspartnarar og bedrifter personleg og lære meir om kva det offentlege kan bety for dei og korleis vi kan vere gode hjelparar. Etter kvart håper eg å få moglegheit til å reise andre stader i Sogn og Fjordane for å sjå alt det spennande som skjer innan næringslivet i regionen vår.

Fylkeskommunen på besøk hos Aksello
Ingvild har bytta ut kontorplassen sin i Leikanger med kontorplass hos Aksello denne veka. F.v Vanja Viken, Lone Bareksten, Ingvild Andersen, Trine Vederhus og Arne Olsen.

Driftig

Som rådgjevar i nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommunen har Ingvild mellom anna ansvar for nettsida Driftig som har som føremål å samle tilbodet til gründerar i Sogn og Fjordane. Gjennom dette initiativet arbeider Fylkeskommunen tett saman med kommunane, næringsselskap, inkubatorane og Innovasjon Norge. Saman ynskjer vi å fange opp gode idéar og initiativ og vere gode hjelparar for gründerar og nyskaparar i fylket vårt.