Trass den høgaste aktiviteten i Aksello noko sinne i 2022, merkar vi at det er mindre pågang av nye forretningsidear og bedrifter som oppsøker oss med nye konsept eller interesse for nye marknader no i 2023. Dette heng nok saman med ein uroleg verdsøkonomi og ei krone som er svak.
Vi i Aksello sit med kompetanse og verktøy til å hjelpe bedrifter i alle fasar, om de er nystarta, eller har drevet i mange år. Om du har strategiske spørsmål, er i gong med omstillingsarbeid eller ynskjer meir informasjon om å nytte verkemiddelapparatet i utvikling av selskapet ditt. Ta kontakt med oss så hjelper vi deg !
No er sommaren her og vi skal ta ein liten pust i bakken før vi tek fatt på ein spanande haust. Frå hausten av skal vi saman med omliggande kommunar og næringsselskap drifte Studiesenter Kysten der heile 5 lokale koordinatorar skal etablere Studenthub’ar i Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger. Målet er å få tilrettelagt høgare utdanning som er tilpassa næringslivet sitt behov ut i distrikta der verdiskapinga skjer, i tillegg til å skape eit attraktivt miljø lokalt for studentane som vel å studere desentralisert.
Vi er godt i gang med det nye 10 årige inkubatorprogrammet og har plass til fleire nye bedrifter til hausten. Så om du er etablert bedrift som har ei ny teneste, eit nytt produkt, eller ynskjer å gå inn i ein ny marknad, kan inkubatorprogrammet støtte deg. Startar du ei heilt ny bedrift og utviklar noko nytt er også inkubatorprogrammet der for å hjelpe deg.
Eit anna interessant prosjekt vi gler oss til å sjå effekt av til hausten er Flora U40. Her har vi i fleire år fått tilbakemeldingar frå arbeidsgjevarar om at det er vanskelege å rekruttere rett kompetanse til Florø, og når dei først har fått tak i rette kompetanse er det vanskeleg å halde på dei. Dette hadde vi lyst å gjere noko med å har derfor igangsett prosjektet FloraU40 som no er godt i gang og skal bidra til informasjon om ting som skjer og eigne kjekke aktivitetar for tilflyttarar, heimattflyttarar og andre interesserte arbeidstakarar under 40 år i Florø og omland.
Endeleg har vi og fått på plass vår nye programansvarlege i Aksello. Ingunn Eide skal leie og koordinere arbeidet i inkubatorprogrammet til Aksello, og vi er så glad for å ha fått Ingunn på plass i teamet. No er vi eit godt og utfyllande kompetent team som saman med våre eksterne rådgjevarar og prosjektleiarar kan levere gode tenester for nyskaping og næringsutvikling til våre samarbeidspartar og det fantastisk spennande næringslivet i regionen.
Heilt til slutt vil eg få minne om Sommartreffet 2023 som er vårt årlege rekrutteringstreff. Her inviterer vi til lågterskel mingling mellom næringsliv og jobbsøkarar. Det kan vere studentar som ynskjer å skrive oppgåver knytt til næringslivet eller ei bedrift som har konkret rekrutteringsbehov. Ein slik møteplass for ungdom, studentar, jobbsøkarar og andre til å møte og lære om kva som rører seg i næringslivet er avgjerande for kompetanseutvikling og næringsutvikling. Vi gler oss stort til å servere nydeleg kylling-wok og bli kjent med mange eksisterande og framtidige arbeidstakarar i vår region.
Vi gjer og mykje andre prosjekt og arbeid i Aksello, så gå gjerne inn på våre nettsider og les meir om våre prosjekt eller program. Om du har anledning er du hjarteleg velkommen til å delta på våre frukostsamlingar eller andre arenaer vi arrangerer for næringslivet, eller berre ta kontakt for ein prat.
Vi i Aksello ynskjer alle våre gode samarbeidspartar og dyktige næringsliv ein riktig god sommar!
Aksello er tilgjengeleg i heile sommar, så ta kontakt om det er noko vi kan hjelpe deg med.
Solhelsing frå Lone Bareksten, dagleg leiar