Aksello invitera til «frukost-til-kvelds»-samling torsdag 7. november. Denne gongen tek vi frukostmøtet på turné. Vi reiser nærare bestemt til Bremanger Fjordhotell i Svelgen, og sidan periodisk faste er i vinden, så blir det frukost til kvelds.
Vi ønskjer dykk alle vel møtt klokka 18:30.
“Frukostmøtet” er gratis og ope for alle.
Meld deg på HER
Her ser du agendaen:
- «Velkommen» v/ Ann Irene Myrheim – Bremanger Kommune
- «Nyhender, verkemiddel og oppdateringar» v/Linn Nekkøy –Aksello
- «Utvikling og vekst» v /Erlend Steinvik- Steinevik fiskefarm
- «Statsbudsjettet og kva det betyr for deg» v/ Bodil Marie Myklebust- PWC
- «Frå ide til maritim sikkerhet» v/ Ronny Bakke– Dimeq AS
- «Reiseliv i distrikta» v/ John Olav Lefdal – Davik Fjordparadis
- «Om Bremanger og framtidig organisering» v/ Tom Joensen – Bremanger Kommune
- «Korleis lykkast med butikkar i distrikta» – v/ Cecilie Fanevik – Harmonia
- Ordet fritt
Vi gleda oss til å sjå deg der, for læring, mingling og nettverksbygging. Det er fint om du melder deg på så vi veit kor mange som vil ha kveldsmat.
VELKOMMEN TIL KVELDSSAMLING!

