Skip to content Skip to footer

På berre 6 minutt

For sjette året på rad arrangerte Aksello i samarbeid med Innovasjon Norge Vestland, Kunnskapsparken Vestland, Sogn og Fjordane Næringsråd og NHO Vestland, Kapitaldagen.

Kapitaldagen er ein arena for vekst og verdiskaping i Vestland, og vart arrangert i Førde på Larris scene tysdag 20. september. Heile 14 spanande gründerselskap presenterte seg frå scena denne dagen. Salen var smikk full med over 100 deltakarar totalt.

InnovasjonsukenOPP er Vestlandets festival for entreprenørskap, innovasjon og nettverking i ei heil veke. Det er derfor eit tettpakka program for inkubatorbedriftene denne veka, men her har Kapitaldagen utvikla seg til å bli ein av dei viktigaste arenaane. Dette er plassen å vere for å møte dei rette investorane, og er derfor høgt prioritert av både investorar og gründerar.

6 minutt

Noko av det å vere deltakar i ein inkubator, (slik som Aksello sitt inkubatorprogram), er mellom anna at ein får kunnskap og trening i å pitche sin idé og investeringsbehov. Inkubatorbedriftene i Aksello har gjennom trening blitt knakande gode på å få fram sin forretningside på berre 6 min. På desse minutta får investoren informasjon nok til å avgjere om dei ynskjer å bli med på reisa.

I tida før Kapitaldagen kvart år, organiserar Aksello pitchtrening. I år var det Seed forum og Steinar Korsmo som jobba saman med inkubatorbedriftene for å finpusse, trene og teste for kvarandre og Aksello sine rådgjevarar.

Kvelden før kapitaldagen, var det generalprøve frå scena på Larris. Dette slik at våre inkubatorar skal føle seg sikre og trygge på at dei får sagt det naudsynte innan dei tilmålte 6 minuttane i pitchen til investorar.

Mange investorar og stor interesse

I salen var der mange interessante investorar på plass og nokre av dei fekk introdusere seg og sei litt om sine investeringsplanar frå scena. På dei seks åra vi har arrangert kapitaldagen, ser vi ei endring hjå investormiljøa. Investorane er meir på ballen og meir opne om kva dei vil ha og kvar dei vil investere. Og der investorane tidlegare kunne avgjere kvar dei ville putte pengane sine, er det no meir oppstartselskapa som kan velje kva investorar dei ynskjer å jobbe vidare med. Dette er ei spanande utvikling som kanskje seier noko om at inkubatormiljøa, Innovasjon Norge og andre virkemiddel gjer ein god jobb med gründerane.

Aksello sine inkubatorbedrifter

Frå Aksello møtte følgjande inkubatorbedrifter med knakande gode pitcher til investormiljøet. Thalasso biotech, Retrams , Ytir, Helse først og Dimeq.            Nokre av dei reiste rett vidare til Bergen for å pitche for investorar på DemoDay dagen etter.

Her kan du lese meir om  Aksello sine inkubatorbedrifter som presenterte på Kapitaldagen

Thalasso biotech: Eit Norsk meksikansk firma som arbeider med å utvikle mobile mikro Bioraffineri for tang (Seaweed) for å moglegjere ekstraksjoner på stedet for tangbønder #seaweesdom

Retrams: utvikler smarte bærekraftige løsninger ved hjelp av teknologi og jobber med å bidra innen flere av FNs bærekraftsmål. Sammen med gode samarbeidspartnere har de utviklet en skanner ved bruk av AI-teknologi som gjør det mulig å identifisere kirurgisk utstyr basert på produktets unike dna, uten fysisk merking eller QR koder. 

Ytir:  hjelper alle bedrifter til et lavere sykefravær. Ytir’s metode og verktøy reduserer antall sykemeldinger og tiden i sykemelding, gjennom en bedre tilrettelagt arbeidssituasjon, og tett dialog og oppfølging
fra arbeidsplass og helsepersonell.

Helse først: er eit livsstilkonsept med slankande effekt som er basert på forsking og medisinsk vitenskap.

Dimeq: kombinerer førstehåndserfaring til sjøs med banebrytende teknologi
Dataoverføringssystem utformet for å prioritere trygghet og sikkerhet
Produktet fremmer standardene for maritim sikkerhet og sikkerhet.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet