Skip to content Skip to footer

Nye inkubatorbedrifter: Dimeq og Fjord Panel

NYE INKUBATORBEDRIFTER: f.v Rune Hjelmeland og Jonny Bjørnset frå Fjord Panel (Helge Dyrrdal var ikkje tilstades då bilde vart tatt) og Audun og Ronny Bakke frå Dimeq.

 

Aksello har fått to nye og spennande bedrifter inn i Inkubator som vi gler oss til å jobbe vidare med i det nye året. Dei to bedriftene er Dimeq AS frå Bremanger og Fjord Panel AS frå Lavik.

Dimeq AS

Dimeq AS er ei far og son-bedrift frå Novelandet i Bremanger. Dagleg leiar Ronny Bakke har teknisk utdanning og arbeidserfaring som chief på seismikkskip, og far hans, Audun Bakke, har mange års erfaring innan seismikkfartøy, både som kaptein og i reiarlag.

– Sjøen har alltid vore sentral i vår familie  frå fiskarar til båtbygging, og livet til far min og meg har også vore tett knytt til sjøen. Så med dette i blodet, pluss ein lidenskap for ingeniør, teknologi og vitskap, såg eg ein moglegheit til å løyse dei problema som oppstår i naudsituasjonar i sjørelaterte jobbar, fortel Ronny Bakke.

Problemløysaren er eit armband (HW og SW) til bruk på personell om bord på maritime fartøy. Bruksområdet er primært HMS-relatert, med lokalisering av mannskap i ein naudsituasjon (som brann eller mann-over-bord), mannskapskontroll og nøkkel/adgangskontroll. Idéen har internasjonalt potensiale, har fått innvilga nasjonal patent, og det er også søkt om internasjonal patent på teknologi i løysinga.

Bedrifta har vore i pre-inkubasjon hos Aksello sidan september i år og tek no steget vidare som inkubatorbedrift. Dei har teikna intensjonsavtale med PGS som potensiell kunde og har inngått samarbeidsavtale med Shipadmin AS på leveranse og support av SW, og eit polsk selskap, FP Instruments, på leveranse av HW. Selskapet har også inngått avtale med Opplæringsfartøy AS for bruk av M/S Skulebas, opplæringsfartøyet for marine- og maritime fag i Sogn og Fjordane, til test av løysinga.

–  Personleg finn eg ikkje ord til å takke for hjelpa og mottakinga vi har fått frå folka i Aksello. Å ha dei med på laget er blant dei beste strategiske avgjerda vi har tatt i selskapet. No må vi fortsette å jobbe, jobbe og jobbe, og inkubatoren vil vere ein viktig del av den vidare utviklinga til selskapet. Når vi har fått bekrefta teknologien, etter testen i Måløy ombord på Skulebas, så vil vi møte på større utfordringar som korleis vi skal finansiere produktet vårt. Det vil då vere godt å ha med Aksello og nettverket deira som støttespelarar, seier Bakke.

 

Fjord Panel AS

Det andre selskapet som nyleg vart med i Aksello sin inkubator er Fjord Panel AS (FP) som er ein «spin off» frå aksjonærane i morselskapet Fjordesign. Dei tre aksjonærane er Rune Hjelmeland frå Fjordesign AS, Helge Dyrrdal frå Ortnevik Tre AS og Jonny Bjørnset frå Vestnes Norway AS.

Den nye bedrifta skal utvikle og selje produkt innan møbel og innreiing basert på ein ny type silikatplater som har lav vekt, god styrke og ekstraordinære eigenskapar når det kjem til branntryggleik.

– Vi kom fram til denne idéen gjennom erfaringar frå tidlegare prosjekt der vi har sett behov for eit meir komplett produkt i forhold til kva som finst der ute på marknaden i dag. Produktet til Fjordpanel tåler mellom anna mykje høgare temperaturer enn konkurrerande produkt då vi bruker fiber fra Basal (red. amn. vulkansk stein), forklarar dagleg leiar Rune Hjelmeland.

Marknaden Fjord Panel rettar seg mot er maritim industri, marinefartøy, cruisebåtar, hurtigbåtar, oljeplattformer og tekniske rom (landbasert) der dei stiller høge krav til branntryggleik.

– Vi ser også på nye marknader i tog- og flyindustrien, og har allereie kontaktar innan desse marknadene som vi vil jobbe vidare med, fortel Hjelmeland.

Aksello har sidan slutten av 2016 samarbeidd med selskapa gjennom Tilbod til etablerte bedrifter for auka konkurransekraft, og Fjord Panel har vore i preinkubasjon sidan april i år. Aksello si rolle har vore å hjelpe bedrifta med å strukturere, formalisere og gjennomføre prosjektet, og det har vore nytta ekstern rådgjevar som har jobba tett på selskapet.

– Vi har fått veldig god draghjelp både frå Aksello sine tilsette og eksterne rådgjevarar, og vi har valt å verte ein del av inkubatoren for å få vidare draghjelp frå Aksello til å vidareutvikle konseptet vårt og få produktet ut på marknaden. Vi håpar at vi ved å delta i inkubatoren kan holde trykket oppe, slik at vi ikkje mister tempo i prosessen, og kan ta gode kvalifiserte val. I tillegg kan vi gjennom dei andre inkubatorbedriftene hauste erfaringar på felles problemstillingar, avsluttar Hjelmeland.  

 

Aksello gler seg til å følgje desse bedriftene vidare i prosessen og ser fram til vidare samarbeid i 2018.

 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet