Skip to content Skip to footer

Kommunalt næringsfond ikkje tilgjengeleg i 2020

Kommunalt næringsfond (KNF) er ei ordning som mange kommunar har for å fremje lokal næringsutvikling og innovasjon. Finansieringa er det fylkeskommunane som står for.

Det er for 2020 bestemt at Kinn kommune ikkje får midlar til eit eige kommunalt næringsfond. Dette er ei konsekvens av kommunesamanslåinga. Det vert arbeidd med ein ny modell for mogleg kommunalt næringsfond i 2021.

Imidlertid er det noko restmidlar att frå 2019, både frå Vågsøy og Flora kommune. Den totale summen blir gjort opp og regnskapsført i desse tider. Deretter blir det ei politisk handsaming av denne potten, som så vil bli lyst ut på nytt. Når fondet er lyst ut via regionalforvaltning.no, er det mogleg for alle og einkvar til å søkje midlar frå KNF, og det er Aksello som koordinerer arbeidet. Informasjon vil bli annonsert, og publisert på Aksello sine nettsider og på Facebook.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet