Skip to content Skip to footer

Julebrev frå Aksello

Aksello har i 2022 vore inne med støtte og hjelp til nærare 80 forretningsidear! Av desse har vi støtta fleire etablerte bedrifter som har utvikla nye produkt eller vurdert å gå inn i nye marknader. Eit eksempel på ei slik bedrift i år er Multi Maritime, vi har også i 2022 fått med ferske, nyoppstarta selskap som utviklar seg til å kunne bli berekraftige og verdiskapande aktørar i framtida.

Multi Maritime har nytta Aksello si hjelp til å sjekke ut, og potensielt bygge eit nytt forretningsområde innan ein heilt ny marknad internasjonalt. 

Retrams er inkubatorbedrift hos Aksello no på tredje året. Stein-Asle og teamet hans utviklar teknologi som vil revolusjonere og modernisere korleis sjukehusa jobbar. Dei får mykje merksemd i inn- og utland, dei er særs flinke til å nytte virkemiddelapparatet til å få råd og pengar, og vil utan tvil bli ein viktig arbeidsplass i Florø og Vestland i åra som kjem. Aksello er stolt og glad for å få ta del i reisa dykkar!

Ekstra spennande har det vore internt i Aksello i 2022, då det har vore ein krevjande søknadsprosess for dei nye ti-årsprogramma finansiert av Siva og Vestland fylkeskommune, nemleg inkubatorprogrammet og næringshageprogrammet. Vi er stolte og kjempeglade for å ha kvalifisert oss til begge programma og at vi for inkubatorprogrammet har gått eit steg opp i finansieringspyramiden, slik at vi frå 2023 kan auke tal bedrifter vi støttar kvart år i dei neste 10 åra

Vi er heldige og har dedikerte og sterke eigarar som setter klare retningar for Aksello sin strategi. I 2022 fekk vi to nye eigarar som gjer eigarstrukturen vår endå meir komlett.

Dei nye på laget er :Sogn og Fjordane Energi og Norwell, dei er hjartleg velkomne inn i eit verdiskapande samarbeid.

Noko av det våre eigarar har fokusert på i år er kraftsituasjonen og viktigheita av å ha ein god plan for korleis vår region skal kunne tiltrekke seg interessante og berekraftige nye etableringar. Gjennom Energisenter Florø prosjektet har Aksello saman med Kinn kommune, Vestland fylkeskommune og næringslivet lokalt gjennomarbeida moglegheitene og kome ut med ein strukturert plan som seier korleis ein bør prioritere for å bli attraktive for slike nyetableringar, som vil bidra til eit grønt skifte.

Det er verkeleg godt å vere i gang igjen med mingling og fysiske møteplassar  , og det kan nærast kjennast ut som det har tatt litt av. Vi har hatt fantastisk stort oppmøte på frukostmøter, lunsjmøter, gründersamlingar, sommartreff, inkubatorsamlingar, kurs og fagdagar, ONS+ i Stavanger, og ikkje minst ryddeseilas med alle inkubatorbedriftene og rådgjevarane i sommar. Det var så kjekt å vere saman og i tillegg gjere eit godt stykke arbeid med å plukke plast i fjæresteinane, toppa med nydelege reker og sosialt samvær på dekket på Loyal etterpå. 

2022 sit igjen som det året med høgast aktivitet i Aksello nokon sinne! Vi har hjelpt fleire bedrifter og vi har gjennom prosjekta våre nådd fram med fleire relevante aktivitetar for forretningsutvikling enn vi hadde budsjettert. Det har vore viktig at vi har fått 100% uttelling på prosjektsøknadane våre i 2022 og tillit frå våre samarbeidspartar som støttar arbeidet vi leverer, men vel så viktig er det at administrasjonen vår utfyller kvarandre og at vi saman med alle dei fantastisk dyktige rådgjevarane og prosjektleiarane våre, lykkast så godt med leveransane og arbeidet!

Aksello bistår mange etablerte bedrifter med forretningsutvikling, vekststrategi og forretningsmessige innovasjonar, men vi bistår og heilt nye ferske idear og nyetablerte verksemder. Noko av det som går att hjå alle desse er at berekraft er blitt eit tydleg konkurransefortrinn. Å ha innomhus kompetanse på sertifisering og vite kva dette inneber, er særs nyttig i Aksello sitt vidare arbeid. Difor valde Aksello å sjølv bli sertifisert som Miljøfyrtårn i 2022.

Det er kjekt å følge med tidlegare inkubatorbedrifter og deira suksess. I 2022 har både Evoy og Bulandet Miljøfisk fortsett sin store suksess og skaper mange lokale arbeidsplasser. Evoy ble tildelt årest Rising Star på Vestlandet av Deloitte. Bulandet Miljøfisk fekk i mai etter flere hektiske uker gjennomført første innsett av fisk i Bulandet. 

bulandet miljøfisk - aksello.no

Det er altså eit kjekt, travelt og særs interessant år vi legg bak oss, og vi er supermotiverte til å ta fatt på 2023. Vi ser og at med styrka finansiering og meir langsiktige mål kan vi i 2023 knytte til oss endå fleire dyktige medarbeidarar og rådgjevarar for at vi saman skal lukkast med nye verdiskapande selskap og omstilling og grønt skifte hos eksisterande næringsliv. 

Med dette vil vi, Lone, Vanja og Andrea, saman med vårt styre og eigarar ynskje alle ei riktig god jul og eit verdiskapande 2023 velkommen!

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet