Skip to content Skip to footer

Havbruksprosjektet i gang!

[vc_row][vc_column][vc_column_text]Havbruk er ei næring som har utvikla seg over tid og har blitt ei av dei viktigaste næringane for landet og vår region. Det finnes mange kompetente aktørar, likevel ser vi eit behov for meir samarbeid og synergiar mellom dei ulike aktørane i næringa, utdanning og forvaltning. 

Etter ei tid med planlegging er Havbruksprosjektet no etablert. Linn Nekkøy er tilsett som prosjektleiarar, og ei prosjektgruppe er etablert. Den består av:

  • Elin Tveit Sveen, Marø Havbruk.
  • Halvar Hovland, Havlandet Marin Yngel.
  • Tor-Erik Røynesdal, Cargill/Ewos.
  • Frode Hovland, Sogn og Fjordane fylkeskommune.
  • Solveg Willis, Pixelwerk.
  • Ingrid Kassen, Norwell.
  • Øyvind Østrem, Høgskulen på Vestlandet.
  • Arne Olsen, Aksello.

Havbruksprosjektet er støtta økonomisk av Flora kommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. No er forprosjektet i gang. Prosjektet si langsiktige målsetting vil være å auke verdiskaping og sysselsetting innan havbruksektoren i regionen. Næringa gjer i dag mykje bra, men man kan blir betre på å skape tydlege synergiar og gjere næringsklynga i regionen kjend. Samstundes kan ein utvikle seg på områder som: 

  • Rekruttering av kompetanse og personell
  • Vidareforedling
  • Innovasjon, forsking og utvikling
  • Logistikkløysingar
  • Nye artar innan akvakultur
  • Nye råvare-kjelder
  • Nye/betre utdanningar og studiar, og fleire studentar
  • Globalisering
  • Kanskje blir det samlokalisering av mange i eit «Laksens hus»? 
  • og meir?

Framover blir det eit fokus på å velge kva for satsingsområde som næringa ønskjer å fokusere på.[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_btn title=”Her kan du lese meir om Linn Nekkøy” link=”url:https%3A%2F%2Faksello.no%2Fhavbruksprosjektet-i-gang%2F|||”][/vc_column][/vc_row]

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet